tirsdag 18. september 2012

Blåklokka - Vi ser etter runde ting

Tirsdag 18.september har gul gruppe vore ute for å leite etter runde ting i naturen. Vi har tekje nokre bilder som de kan få sjå :-)

 
Vi gjekk til den nye bålhytta, der fant vi ein kjempestor sirkel. Den skal vi etterkvart tenne bål i...
 

 
Vi fant mange små og store trestammar, dei var også sirkelforma :-)
 

 
Her er ein sopp sa ein av borna, den er også rund. Vi vart enige om at den måtte vi i allefall ta bilde av..

 
Sjå her då... Kva er dette???
Det var ikkje så mange som hadde sett eit slikt skilt før, men vi har snakka om at det er eit grensemerke....

 
Vi kan sjå igjennom denne sirkelen.... Den var ikkje så stor, det er eit av auga til dissa... Spennande å sjå gjennom ;-)

 
Sjå!! Her er også ein runding var det eit av borna som sa...
Vi fant mange mutterar og skruar på eit av leikeapparata...
 
Etterpå fant vi mange småsteinar som vi lagde små og store sirklar av...
Og vi hadde med oss laminerte ark med tall på som vi la frå oss like mange steinar på som der var prikkar på arket :-)

Etterpå var det tid for mat, GUL GRUPPE var veldig stolte av å være dei første som fekk bruke bålhytta etter at golvet var ferdigstøypt... Vi håpar på mange, fine stunder i bålhytta!!

torsdag 13. september 2012

Blåklokka - "Barnebarn" i barnehagen

Til påske vart det klekt ut 5 søte kyllingar her i barnehagen :-)
Det var 3 hane-kyllingar og 2 høne-kyllingar....
Desse er no blitt så store at dei har begynt å verpe egg,
idag fekk vi 12 flotte, brune egg som vi kan bruke :-)
 
                                                    
                                                              Vert dei vafler kanskje?

onsdag 12. september 2012

Friskus på tur mot Håvikdemma

Friskus gjekk på tur opp mot Håvikdemma i dag. På veg oppover på stien er det grovmotoriske utfordringar i fleng. På biletet kan ein sjå barnehagen og den nye bålhytta i bakgrunnen.

Rammeplanen for barnehagen seier: Naturen gir rom for et mangfold av opplevelser og aktiviteter til alle årstider og i all slags vær. Naturen er en kilde til skjønnhetsopplevelser og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barn blir kjent med og får forståelse for planter og dyr, landskap, årstider og vær. til bildetekst





Blåklokka - Ut på tur

Mandag var gul gruppe på tur til grillhytta. Det var sju flinke barn som gjekk saman. Vi smurte med oss skiver med godt pålegg, og frukt til å skjere opp. Oppe ved grillhytta fekk barna boltre seg i skog og mark. Fysisk aktivitet ute er bra både for det motoriske og det sosiale. Det å vere saman gir en felleskaps følelse. Barna klatra i trær, fant små dyr og bær, nokre laga også hytte.
Grillhytta er ein stamplass barna i barnehagen ofte går til, og det er ein plass barna er kjende.

Barna fant både biller, edderkopper og andre små dyr som lever i marka.

Å balansere kan vere vanskli, men veeeldi spennende :-) Øving gjør mester :-D

tirsdag 4. september 2012

Fine oppstartsveker på Tusenfryd

Tilvenningsveker:-)
Her kjem ei lita oppsummering frå dei første vekene på Tusenfryd:
På småbarnsavdelinga er det viktig å bruke god tid på tilvenning slik at alle barna skal bli trygge med å vere i barnehagen. Nokre barn er trygge etter kort tid, medan andre treng meir tid med å tilpasse seg den nye kvardagen sin.
I år har vi ei stor barngruppe, men er heldige med å ha eit stort personalteam på avdelinga også. Og det skal vi utnytte så godt vi kan til beste for barna. Vi har hatt gruppedelingar kvar dag, slik vi skal komme nærmare kvart einskilt barn, og den erfaringa har vore god, så det kjem vi til å leggje vekt på vidare også!
Vi har alt vore på fleire turar i skogen. Vi tek med små grupper og har gått på jakt etter spennande ting vi kan utforske. Store kongler, små kongler, fine blomstrar som vi lukter på, søledammer, blåbær som vi smaker på, froskejakt med meir. Til og med vart det bygd ei leilighet til den eine lille frosken vi traff på den eine dagen.....
Dei yngste barna har hatt songstunder kvar dag. Og her er dei med altså. Å synge er gøy:-) For dei eldste har vi hatt rim og regler, mykje song - og fleire songstunder på "Lykkelandet" vårt oppe i skogen!
Fleire dagar har vi sett opp lavo der ei lita gruppa har fått ete lunsjen sin. Og berre så det er sagt: "Vi synst det er sååå kjekt å vere i skogen - og vi berre elsker å vere i lavoen!" (hmmmm... kanskje litt påvirkning frå ho Liv...?????) Vi har også tatt med ei lita gruppe i leikehytta vår for å ete lunsj der. Kjempekjekt å vere på "hyttetur".
 På tur til grillhytta vår i skogen....
 Her er vi ved "krokodilledammen..." Hmmm, skal tru om krokodilla er her i dag?????
Her er barna ivrige med å fargelegge alt det fine Gud har skapt på jorda. Vi har akkurat hatt samling der vi har sett på alt det fine som Gud har skapt rundt oss. Når vi har så mykje fint rundt oss, så blir vi menneske glad, og når vi er glad - ja, då blir Gud glad:-)

Eit lite innblikk frå oppstarten vår..... vi gleder oss til fortsettelsen........:-)



mandag 3. september 2012

Potetlefser i barnehagen

Ein dag i barnehagen hadde vi så mykje potetmos igjen etter lunsjmåltidet. Då fann vi på at vi kunne lage potetlefser.
Det er ein gamal norsk mat-tradisjon å lage potetlefser av restane frå middagen. Det er også god ressursbruk og vi lærer at vi ikkje kaster mat,men kan faktisk lage noko kjempegodt av det. Ny læring både for store og små.


Deilig med potetlapper med sirup på. Nam-nam.
Første gangs smak for barna.