fredag 22. mars 2013

PÅSKEFRUKOST 22 MARS 2013

Fredag 22 mars inviterte barnehagen barna, foreldre og søsken inn til påskefrukost. I forkant hadde vi baka rundstykker og tebriks:-)

Så kjekt med stor oppslutning når det skjer ting i barnehagen.
Vi dekka felles matbord i gangen. Med opne dører på begge avdelingane vart det fullt med liv og røre i barnehagen denne morgonstunda, og det er superkjekt:-)


God prat rundt bordet.












Her koser to av barna seg med besteforeldra sine som kom til barnehagen for å ete frukost med oss. Ein god start på dagen for både liten og stor.










Kjekt å ete frukost saman med mamma. Vi i personalet sett stor pris på den uformelle kontakta vi får med foreldra ved slike arrangement.



Så gjenstår det å ønske alle saman ei
GOD PÅSKE:-)

tirsdag 19. mars 2013

påske på Blåklokka


Studier etter samling om påske.Det er spennende å høre om kva som skjedde i påska og gleden over at Jesus stod opp igjen av grava og seira over døden!
Borna får leike seg med modellane og slik bearbeide budskapet  og gjer det til sitt eige.
Påska er ei av dei store kristne høgtidene og viktig å lære om for alle.
Vi fokuserer på glede,kjærlighet og seier,men er og innom kva som skjedde langfredag.Det er viktig å ha med heile forteljinga på ein måte som er tilrettelagt for små born.