onsdag 17. april 2013

Gravemaskin og lastebil i barnehagen

Spennande dager med gravemaskin og lastebil på besøk i barnehagen.
No skal vi snart få nytt leikeskur i barnehagen. Men først må det gravast, støypast og byggast. Mange spennande dager er på vent. Vi får sikkert besøk av mange lastebiler, betongbil, og vi gleder oss til snekkarane skal komme med alle dei spennande verktøya sine:-)

Vi venter i spenning:-)

Samarbeid i sandkassa

Flotte aprildager med deileg solskinn liker vi:-) Her har vi eit fint samarbeidsprosjekt. Eit stort sandslott held på å ta form. Nokre brukte gravemakine, andre henta sand i store lastebiler, nokre grov menst andre hadde klappejobben med å få sanden komprimert... Kongens folk ringte oss stadig for å høyre korleis vi låg an i bygginga, for snart ville sjølvaste kongen flytte inn:-)
Ikkje verst:-)

Tusenfryd koser seg i snøen:-)



 Byggeaktivitet i snøen:-)

Det siste snøfallet gav oss gode muligheter for å forme med snøen. Vi bygde til dømes stor snøborg av snøblokker, snømanner og snøsofa.
Snømannen fekk barna male på, den fekk auge, nase og munn. Til og med ville det eine barnet låne vekk hua si så snømannen skulle bli fin. Det var spennande å male i snøen, og snømannen såg rett fornøgd ut der han stod å kikka på oss:-) Men allereie neste dag     viste han seg frå ei anna side.... Då kjente han at sola ville smelte han bort.... Han blei mindre og mindre - og snart var han borte vekk.... Kun litt farge i snøen kunne fortelje oss at det hadde stått ein flott snømann der litt tidlegare....





            

Mykje uteleik i snøen.
Alle kosa seg med godt formeleg snø. For dei yngste barna var det vanskeleg å ta seg fram til og begynne med, men snart hadde vi fine stier både hit og dit. Nokre ville gå på ski, andre ville ake. Gøy gøy gøy:-)


 Vi bygde snøsofa. Dette vart eit skikkeleg samarbeidsprosjekt. Mykje snø måtte samlast før vi kunne starte med å forme sofaen. Men godt samarbeid er fruktbart, og snart hadde vi ein flott     snøsofa vi kunne kvile oss i. Sola strålte, og vi hadde det heilt topp. Gode reindyrsskinn haldt oss tørre og varme på baken. Gode samtaler og mykje song prega den neste timen når vi berre kunne sitte der å slappe av. Fruktmåltidet tok vi sjølvsagt i den nybygde snøsofaen vår:-)


 Herlig:-) Flott samarbeidsprosjekt:-)

Fleire fine turar i nærmiljøet hadde vi også desse snødagane. Då gjekk vi turar langs vegen, i byggefeltet og besøkte den gamle leikeplassen i nærområdet. Mykje å sjå på langs vegen, t.d biler, busser, lastebiler og gravemaskiner. Vi trener på å gå på rett side langs vegen, og bruke tid på å kikke til venstre - høgre - venstre før vi skal krysse vegen:-)

"Ride ride ranke - sei meg kvar skal vegen gå?
Bestemor besøk skal få, ride ride ranke:-)"

fredag 5. april 2013

2 ledige stillingar som pedagogisk leiar



           
NLM-BARNEHAGENE AS
Tryggheim barnehage, Brattvåg:
“Ekte glede på sikker grunn”


Desse stillingane er ledig:
100 % fast stilling som Pedagogisk leiar frå 5.8.2013.
100 % vikariat som Pedagogisk leiar frå 5.8.2013-31.7.2014

Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM-barnehagene AS. 
Barnehagen har utvida kristen føremålsparagraf, og den som blir tilsett skal arbeide lojalt mot NLMs verdigrunnlag, vedtekter og instruksar, og ha eit kristent livssyn.
Den som vert tilsett, må legge fram politiattest.
Barnehagen er medlem i PBL-A, og følgjer deira tariff.

Barnehagen har 3 utvida avdelingar, der den eine er - Friskus utebasen -  for dei eldste barna.

Den som søkjer må ha godkjent førskulelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning.

Ved internt opprykk, kan det bli ledig vikariat for assistent.

For meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar Trine M. Hestetun på tlf: 95830144

Søknad med vitnemål og attestar sendast til:
NLM-barnehagene AS
Avd Tryggheim barnehage Brattvåg
Øvrehjellen 1
6270 Brattvåg

Søknadsfrist:  15. april 2013.

                                                               Velkommen til Tryggheim barnehage