fredag 31. mai 2013

Tombola i barnehage

I år som tidligare år satsa vi på å ha tombolaen ute, men sjelden har vi vore så heldige med været som i år :-)
Det var mykje folk og god stemning, det var fullt rundt borda som var pynta med blomster og lys. Og borna hadde laga maleri som foreldra kunne kjøpe til inntekt for misjonsprosjektet i Japan. Her følgjer nokre glimt frå tombolaen...

 
Mykje folk og god stemning og godt loddsalg...

 
Frå utstillinga av maleri, her er det Tusenfryd og Blåklokka sine...

 
...og Friskus sine!
 

 
 Mange spente barn venter på gevinster...

 
Og litt mat og drikke må også til...
Tusen takk til alle som bakte deilige kaker!!
 
 
Born frå Blåklokka og Tusenfryd underheld med song!

 
Born frå Friskus hadde eit skuespel som dei hadde forfatta sjølve!

 
Det var spennande og handla om ein kongefamilie som mista eine dattera si til ei heks... Det gjekk heldigvis bra og prinsessa kom heimatt til slottet :-)
 

 
Takk til alle som deltok!!!
 
 

torsdag 30. mai 2013

Fjøretur til Helland

Denne gjengen frå Blåklokka hadde ein flott tur i fjøra på Helland.
Der er det lang-grundt og flotte forhold...
 


Været var upåklagelig, nyyyydelig sol og vi kunne vasse og plaske i vannkanten :-)

 
 

 Det var mykje spennade å finne i sjøkanten, småfisker og skjell og her har vi funnet ei sjøstjerne...




Men denne krabaten syns vi såg veldig skummel ut, skikkelig blå og full av lange hår. Han prøvde å stikke av ned i sanden, men vi fanga den i ei bøtte så vi fekk studere den litt...
I ettertid har vi funnet ut at den mest sannsynlig er ein børstemakk. Den kjem opp i fjøra på våren for å sverme ;-)

 
Mykje flott å finne...
 

torsdag 16. mai 2013

VI FEIRA 17.MAI PÅ FORSKUDD I BARNEHAGEN

Tradisjon tru i Tryggheim barnehage har vi hatt 17.mai feiring på forskudd i dag.
Den siste dagen før den store dagen så brukar vi å samle oss for å gå i tog i gatene bortanfor oss. I år var det flott korpsmusikk (frå CD), mange rytmeinstrument og flagg i toget. Vi lagde virkelig lyd og liv der vi gjekk, og kjempekjekt var det at nokre stod på verandaen eller i hagen og vinka tilbake :-)

 Vi fekk ny fane i fjor, den var sydd av Eva som jobba her for nokre år sidan! Er den ikkje flott?


Gerd, Kristin og Laila hadde ein liten musikalsk oppvisning :-)


Kos i bålhytta.....


Vi gjekk både i Nedrehjellen og Øvrehjellen, for deretter å vende tilbake til barnehagen for mat. For første gong feira vi med pølsefest i bålhytta vår, den var ekstra fint pynta med girlander, bjørk og flagg :-)
 Pølser med brød, frukt- og grønnsaks-fat og is på toppen var populær og god mat etter ein lang 17.mai marsj :-)

 Jenkadans v/ Wei Lin var spennende...

Etter måltidet var det tid for søvn for nokre, dei som ikkje sov fekk bryne seg på nokre konkurranser... Det var potetløp, bowling og sykkel-løp...
Borna fekk springe i mellom og velge sjølv. Nokre syns det var ekstra stas med sykkel-løp :-)
Morro når borna står og hoppar og dirrar mens dei seier "sykkel-løp er berre såååååå gøy" :-)
Været viste seg også frå si beste side, hærlig med solskinn og vårvind!




Her er det nokre karar som prøver seg på potetløp, spennande og utfordrande!


Sykkelløp er gøy :-)



Bowling var kjempegøy!!

Vi i Tryggheim barnehage ynskjer alle ein flott 17.mai og ei riktig god pinse!!