tirsdag 22. oktober 2013

Jubileumsdagen - Barnehagen 40 år!


I dag feirer vi at det er 40 år sidan barnehagen opna. Barnehagen kan sjå tilbake på mange innhaldrike år, og framover på mange innhaldsrike og spennande år vidare!



Litt historie
På slutten av 1960 talet skulle det leggast ut eit byggefelt på 72 tomter i Håvikmyrane i Brattvåg. Ein av grunneigarane var Ottar Håvik. Han hadde lese i misjonsbladet Utsyn om at Norsk Luthersk Misjonssamband ville satse på barnehagearbeid.
Dette fenga Ottar som var formann i den lokale misjonsforeininga. Han gav eit høveleg tomteareal og vart formann i den lokale byggenemnda.
Dette var nytt i Brattvåg. Barnehagar var slikt som fanst i byen og på store industristader.

Det vart sett i gang behovsgransking. Mange unge var positive, medan andre lurte på kva dei skulle med barnehage. ”Dei kunne no passe ungane sine sjølve” og ” barna kan leike ute i lag med mødrene sine” var svar ein fekk på denne granskinga. Arbeidet gjekk vidare og med kommunal garanti og gratisinnsats frå misjonsforeininga, vart arbeidet sett i gang.
Eit Oslofirma som hadde levert mange barnehagar vart kopla inn. Det vart sagt at dei hadde seld mange barnehagar, men aldri med ei så fin naturtomt.
Bygget vart sett opp etter føreskriftene på den tida med to avdelingar for barn mellom 3-7 år. Huset blei fint og tenleg, men uteområdet skulle ordnast på dugnad.
Tryggheim barnehage, Brattvåg kunne starte opp midt i november 1973.
Då var alt omkring huset opne grøfter, rusk og rask. Men på opningsdagen la ”Vår Herre” eit fint snølag over alt rusket, det var sol over snø den dagen.
For å ordne opp ute, vart det mykje dugnader. Foreldre, tilsette og misjonsvener, alle stod på.

Barnehagen har fungert godt og tenleg i mange år. Men krav og behov har endra seg. Etter 20 år tok ein til å planlegge utviding for å få bedra forholda spesielt for dei tilsette.
I oktober 2004 kunne vi ta i bruk ei ny fløy som inneheld 2 kontor, personalrom, garderobe, toalett og lager.
I tillegg har vi fått utebasen som inneheld opphaldsrom, garderobe og toalett til Friskusane. I 2001 vart det bygd stellerom på begge avdelingar, og barnehagen vart med dette godkjent for barn frå 0-6 år.
Seinare blei det bygd grillhytte oppe i skogen, og i fjor bygde vi oss bålhytte her på leikeområdet. Og no har vi også fått nytt leikelager.
Dersom alt går i orden med kommuna, vil vi også starte med utbygging av to nye småbarnsavdelingar, nye garderober, stort fellesareal og større personalrom i løpet av 2014.

Barnehagen har opplevd stor utvikling i løpet av desse 40 åra, og vi er fortsatt i stor utvikling. Barnehagen har gått frå å vere eit tilbod til nokre få barn under barne- og familiedepartementet, til å vere ein pedagogisk institusjon under Kunnskapsdepartementet. Det betyr at barnehagane blir rekna som å vere ein del av «utdanningsløypa» til barna. Dei som arbeider i barnehagen har eit stort ansvar, og vi er stolte av å jobbe i barnehagen.


Jubileumsdagen blir feira med bursdagssamling, Jubileumsfest med foreldre, søsken, tilsette og tidlegare tilsette.

Både personale og barn fekk seg nye t-skjorter

Vi hadde bursdagssamlinga for barnehagen inne på Tusenfryd





Forberedelse til Jubileum:

 Mandag hadde vi dugnad for å få sette opp partytelt! Det blir nødvendig når vi skal ta imot mange gjester på festen vår (og når det ikkje er meldt godt vèr).





tirsdag 1. oktober 2013

Besøk av brannbilen 19. september

Endeleg er brannbilen her! Den fekk rygge heilt inn på barnehageområdet.

 


I forbindelse med at vi hadde brannvernveke i veke 38 fekk vi besøk av ein brannbil.
Det var stor stas å få snakke med ein ekte brannmann, og han hadde mykje spennande å vise oss.

Brannmannen har fått på seg fullt utstyr, og barna er nysgjerrige på korleis det er å ha på seg

Brannslangen måtte også testast!



Det var spennande å sjå kor mykje utstyr som var inne i brannbilen.    
Tusen takk for eit flott besøk, kjære brannmann!