torsdag 20. november 2014

Byggeprosjekt-bilder

Så kjem takstolane på plass!


Takstolane på møterommet/pauserommet blir løfta på plass.
Dette rommet kjem til å bli brukt mykje til møter, pauser og andre personalsamankomster. Vi gler oss til å få større plass.






Det har også blitt forskala til utviding av vognrommet. Alt må bli større når barnehagen blir større.

mandag 17. november 2014

Fleire bilder frå byggeprosjektet

Bygginga av personalrommet/møterommet er igang! At det støyer og bråker litt er ingen problem. Det er lyden av at prosjektet går framover :) :)

Bygginga av småbarnsavdelingane og garderobene er godt igang. No er det kledd med plater, og løpet av veka kjem det levering av takstolar!

Innvendig har dei begynt å dele opp rom.


onsdag 12. november 2014

Byggeprosjektet

Kjekt å sjå at bygget reiser seg:)

Her blir dei nye småbarnsavdelingane.

Misjonskafè

Tirsdag 11. november arrangerte barnehagen Misjonskafè for foreldre og søsken, til inntekt til Barn-hjelper-barn-prosjektet til NLM Ung i Etiopia.


Vi solgte pølse m/brød, kaffi og kaker til inntekt for prosjektet. Frå høytalarane spelar det Etiopisk musikk:)

Kjekt med besøk av foreldre og søsken.

Ein travel styrar hastar forbi. Prøver å komme utanfor bildet, men lykkast ikkje :)


fredag 7. november 2014

Tusenfryd på kongle-jakt

Jula nærmer seg fort, og på Tusenfryd jobber vi hardt for å førebu denne høgtida som seg hør og bør.
Blant anna skal vi lage dekorasjoner, og då har vi som mål at barna skal lære seg ulike teknikker, forme, og å bruke naturmateriale. Så onsdag var vi på tur for å finne kongler i nærmiljøet.
Vi vil nok etter kvart kunne presentere nokre fantasifulle og flotte kunstverk signert av dei ivrige tusenfryderane.
På turen ut oppdaga vi også at den lave sola gjorde oss alle ekstra lange. Saman med alle dei frosne sølepyttane gjorde dette turen ekstra interessant.

torsdag 30. oktober 2014

Ut på tur 22. Oktober

Ut på Tur aldri sur :) Her får barna prøve seg på å klatre på dekk
 
 Rappelering er kjekt, dei andre venter tolmodig til at alle har komt seg ned


Slengtauet er kjekt å slenge seg i.

torsdag 16. oktober 2014

Tarkus på besøk på Blåklokka


Vi hadde besøk av Tarkus, som er vår trafikkvenn i barnehagen. Tarkus snakka om kor viktig det er at vi bruker refleks når vi er ute i mørket, slik at bilane kan sjå oss.

Alle barna fekk utdelt refleks bånd, og Tarkus fekk mange gode klemmer av barna.

torsdag 2. oktober 2014

Tema aktivitet Blåklokka, Raud Gruppe 1.Oktober

    Vi maler på fingrane våre
    Vi lager avtrykk på papir






Limer på litt blad, og resultatet blei eit hausttre :)


tirsdag 23. september 2014

Friskus på omvisning på brannstasjonen


Idag har vi på Friskus vore på omvisning på brannstasjonen. Brannmann Stig fortalte oss om korleis ting fungerte på brannstasjonen og lærte oss litt om kva vi måtte gjer om det begynn å brenne. Han stillte og nokon spørsmål om brann, og barna var kjempeflinke og kunne svare på alt. Dei visste kva ein brannvarslar og eit brannslukningsaperat var og dei visste kva dei skulle gjer om det starta å brenne og kva nummeret til brannstasjonen var. 

Alle barna fekk prøve å spyle med brannslangen til brannbilen, men det aller beste var nok at alle barna fekk bli med på ein liten køyretur i brannbilen. Med både blålys og sirene på! Kjempestas!

Rammeplanen om Nærmiljø og samfunn:
Barnehagen skal bidra til at barna møter verda utanfor familien med tillit og undring. Han skal leggje vekt på å styrke kunnskapen om og tilknytninga til lokalsamfunnet, naturen, kunst og kultur, arbeidslivet, tradisjonar og levesett. Barn skal få utforske og oppdage nærmiljøet sitt. Barn har ulike erfaringar frå heimen, omgangskretsen og reiser, noko som kan gi kunnskap om ulike samfunn.
Alle veldig klare for å reise til brannstasjonen!
Vi leiker "sisten" mens vi ventar på å få komme inn på stasjonen

Brannmann Stig viser fram litt av utstyret til brannbilen og forteller kva det brukas til.

Alle fekk prøve brannslangen!


Klare for ein liten kjøretur i brannbilen

Med blålys på!


På tur i brannbilen!

Alle ekte "brannmann-barn" må sjølvsagt få eigne brannmann-hatter!





fredag 19. september 2014

Sidan sist på Friskus

Sidan sist på Friskus har vi...

Vore på mange turar for å utforske naturen rundt barnehagen. Vi har og vore på biblioteket for å finne fleire bøker om vatn. Vi har fagområdet "Natur, miljø og etikk" dette barnehageåret, og har valgt å starte med VATN som tema. Vi har allerede lært ein del om vatn og laga ein faktaplakat som heng på avdelinga, men vi skal jobbe meir med vatn framover og lære mykje meir! Vi har blant anna mange eksperiment med vatn som vi skal prøve, og vi skal besøke kraftverket på Krogsætra.

Denne uka har vi hatt brannvernuke, og har hatt fleire samlingar om "Vanja og Eldar" (som er hovedfigurane i eit undervisningsopplegg som skal lære barn i barnehagen om brannvern) og øvd på en song som skal hjelpe oss med å hugse alle nødnummera. Neste veke skal vi besøke brannstasjonen og få vere med i brannbilen, og det gler vi oss veldig til!

Vi har også hatt besøk av Hege og Johanne fra NLM ung, som har hatt ei spennande samling om SKAPELSEN saman med oss. Vi høyrde og på kristne barnesongar og dansa litt.

Idag har vi avslutta veka med å lage pølsegrateng til lunsj. Alle barna fikk vere med på å lage maten, og dei var supre kokkar! Pølsegratengen fallt godt i smak hos dei fleste! 

Samling om "Vanja og Eldar" utafor grillhytta.

Pølsegrateng! mmm...
Eine faktaplakaten om vatn.
Testar ut ei av "klatrebanene" vi har i skogen. Dei er kjempeflinke!
Formingsaktivitetet. Her mala vi høstbileter. Dei ferdige bileta heng inne på avdelinga, så det er berre å komme inn og sjå dei!

Enda ein i klatrebana. Her er det bratt, så man må holde godt i tauet!
Konsentrerte kokkar!



På tur i skogen. Sjå så flinke dei er til å gå på rekke!