fredag 31. januar 2014

BILDEGLIMT FRA FRISKUS


 
Denne veka har friskusane hatt kristen samling der dei fekk prøve seg med flanellografen.
 
Ivrige ungar :D

Vi samla også inn pengar til Vest Afrika/Elfenbenskysten :)

 
 
 
Vi var på tur til biblioteket. Friskusane er glade i å lese bøker å synes det er spennande å få gå til biblioteket og leige nye bøker.  Når vi kom fram fekk vi kakao og kjeks, noko som var veldig stas. Ut på tur aldri sur :D
 

Kosa seg på biblioteket, mykje spennande bøker å finne.


Gå turen til biblioteket brukar også å være veldig spennande, mykje kjekke ting å sjå på vegen. Friskusane syntes det var veldig spennande med denne store båten dei fekk auge på.
 



Vi har også brukt mykje tid ute og leika oss i det fine været, spesielt oppe i hoppe nettet eller trampolina som vi kaller den :)

 
 



 

 


 


 

tirsdag 21. januar 2014

Søknad for barnehageåret 2014/2015

Minner om at det er 
søknadsfrist 1. mars for å søke om barnehageplass for neste barnehageår!

Gå inn på www.haram.kommune.no
for å registrere og legge inn søknad. 
Dei som har søkt tidlegare må gå inn for å oppdatere søknaden sin!

Dei som allereie har plass i barnehagen beheld automatisk plassen sin fram til skulestart!

onsdag 8. januar 2014

Tusenfryd hausten 2013

Tusenfryd har ikkje vore flink å blogge denne hausten, og legg no ut litt av det vi har gjort frå august til desember.

August
I August hadde vi satningsområde: Eit godt språkmiljø. Tema: Kropp, bevegelse og helse.

På Tusenfryd hadde vi som mål å bli kjent med eigen kropp og eigne kjensler.

Vi laga bilde av menneskekroppar.
Så hadde vi eit prosjekt der vi teikna kroppane våre på gråpair, måla handa og foten vår (noko som kila veldig, spesielt på foten) og laga avtrykk på gråpapiret der hendene og føtene våre skulle vere.
Limte så på foto av ansiktet vårt og måla kleda.

Vi studerte ansiktet, teikna ansikt på tavle, med forskjellige sinnstemingar, sint, glad,lei seg, redd o.l.
Vi fekk smake på appelsin og sitron. Det var surt det! Og barna laga herlige grimaser ;)

Gjekk på turar i nærområdet.

September
I september hadde vi det samme satningsområdet som i august,..
I tilegg hadde vi Nasjonal Brannveke, der vi øvde oss på kva vi skulle gjere om brannalarmen gjekk.
Hadde også besøk av brannbilen. Det var veldig spennande!

Oktober
I oktober hadde vi satningsområde: Eit godt Språkmiljø. Tema : Språk, Kommunikasjon og tekst.
Mål : Å bli kjent med eventyr, forteljingar og musikk.
Vi hadde valgt oss ut 3 eventyr som vi fokouserte på.

~ Bjørnen som blei stubbrumpa.




~ Dei tre bukkene bruse.

~ Musa som ikkje fekk seg ein venn.

I oktober hadde barnehagen også 40 års jubileum.

November
I november hadde vi satsningsområde : Eit godt språkmiljø. Fagområde : Kunst, kultur og kreativitet.
Mål : Å lære enkle teknikkar. Få skape noko. Forming.





Mala på haustblad og tok avtrykk.
Limte på trekantar i div størrelser,  og laga det til ein fisk.
Måla lykter.
Laga kunstbilde, limte på paljetter på papp.
Tok avtrykk av handa, og laga det til eit reinsdyr.

Desember
I desember hadde vi satningsområde : Eit godt Språkmiljø. Fagområde : Religion, etikk og filosofi.
Mål : Kunnskap og gode opplevingar av julehøgtida med juleforteljingar, julekrybbe, julesongar.
Vi baka pepperkakehjerte og lussekattar :)
Tok fine julekortbilde, og hadde nissefest.
Vi har også laga til eit koseleg vinterrom på Tusenfryd






torsdag 2. januar 2014

Studie- og Jubileumstur for personalet til København



På studiebesøk hos Tante Olgas Børnehus. Det var spennande å komme på besøk til ein heilt annan type barnehage enn den vi var vant til. Barnehagen låg i 3. etasje i ein bygård i Vesterbro i København. Aktivitetane som pågjekk var derimot kjente. Vi fekk ein flott presentasjon/forelesning av pedagogikken i barnehagen. Særleg var Mobbekofferten, Kaktus-tavla og organiseringa av dagen svært interessant.
Kaktus-tavla: Det er planlagt 6 aktiviteter som barna kunne velge mellom, og antall barn som kunne delta. Barna kunne så plassere bildet sitt ved aktiviteten, fram til det ikkje var "plass" til fleire. Når dei var ferdige med aktiviteten, skulle dei rydde opp, og velge ny aktivitet. Barna skulle halde fast på denne aktiviteten ei stund minimum 10 minutt i starten, og lenger etterkvart. Sjå meir om barnehagen på http://www.tanteolgas.dk 

Kaktus-tavla i bruk.


Dagskalender
Spennende at barnehagen ligg i 3. etasje, og har loftsvindu. Anna inntrykk og utsikt enn det som er vanleg for oss.
På besøk i Saxogården børnehave - Stor barnehage med relativt stort uteområde. Sjå meir på http://www.saxogaard.dk/



Saxogården hadde mange ulike aktivitetsrom - verksted, stillerom, "bråkerom" (der dei som ikkje ville ha bråk måtte gå ut), discorom, kreativt rom, kjøkkenrom/rolleleik, + + Spennande!!!! Eigen kokk som laga til alle måltid (brødmåltid).
Dukketeater - laga av ei vanleg butikk-kasse! Eit godt tips!

Må ta med bilde av toaletta  på Saxogården - mange toalett på rekke og rad. Barna hadde sjølv fått velge om dei ville ha "båser" til kvart toalett eller om det skulle vere åpent. Dei valde å ha det åpent. Og så hadde dei ringeklokke ved kvart toalett slik barna fekk ringe på når dei var ferdige!
Tivoli julepynta - eit stort høgdepunkt!



 Målet med studie- og jubileumsturen var at personalet skulle få sjå andre barnehagar, få idèar og inspirasjon. Og ikkje minst bli kjend med kvarandre på ein ny måte, gjennom det å vere saman i ein annan setting enn barnehagen. Og på denne måten få ny og felles inspirasjon som kom barna, barnehagen og personalet tilgode! Vi hadde ein flott tur, og vi opplevde i etterkant at alle hadde teke med seg inntrykk (små og store) som dei overførte til vår barnehage!