onsdag 19. mars 2014

Barnehagedagen 18. mars


Barna fra Blåklokka og Friskus var på Haram vidaregåande skule for å reklamere for å jobbe i barnehage! Dette var ein del av prosjektet "GLØD" for å rekruttere søkjarar til barnehagelærerstudiet! Barnehagane treng gode og kvalifiserte pedagogar. Barna fortalde elevane kva ein kunne gjere i ein jobba i barnehage. Det er ingen tvil om at "verdens finaste jobb er ledig"! Det å jobbe i barnehage er eit morosamt, spennande, utfordrande og varierande arbeid, der ingen dag er lik og du blir møtt av barn som er glad for å sjå deg, kvar dag!

Barna sang og dansa for elevane i kantina på skulen! Og etterpå delte vi ut GLØD-avisa og gjekk rundt på klasseromma til 3. klassingane for å reklamere for å bli barnehagelærar! Håper at vi får sjå mange av elevane igjen i barnehagane våre som både barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar! Velkommen!

Etter at Blåklokka og Friskus kom igjen frå turen til Haram vidaregåande skule, var det feiring av Barnehagedagen 2014 i bålhytta til barnehagen. Barna fekk høyre om Grunnlova vår og kvifor det er viktig med ei lov! Og så feira vi med nybaka bollar og kakao!