fredag 30. mai 2014

Felles måltid i bålhytta

I dag var det få barn i barnehagen. Berre 17 barn til saman på alle tre avdelingane. Så da har vi hatt ein roleg dag, og vi hadde eit felles måltid i bålhytta. Grilla "overraskelsespakkar" på bålet. Barna fekk lage "pakkane" sine sjølve, med kjøttdeig og grønsakar.
 
 




No vil vi ønske alle ei god helg! :)

onsdag 28. mai 2014

Tusenfryd på trilletur

I dag tok vi med dei minste barna på Tusenfryd på ein liten trilletur i Brattvågen mens dei største hadde bibelsamling. Vi gjekk frå barnehagen og rundt Brattvågneset. Det var kjempespennande, og vi fekk sjå mykje rart på turen. Vi såg mange fuglar, sommerfuglar, båtar på vard, hundar, spennande bilar og ikkje minst - ein brannbil!

Brannbilen var nok høgdepunktet, og brannmannen viste oss blålysa og vi fekk høyre sirena. På vei tilbake stoppa vi på Statoil og kjøpte litt is. Det må vere lov no når det er så fint sommerver!

Ungane syns det var kjempekjekt å få sjå litt meir av nærmiljøet rundt barnehagen. Vi kjem nok til å ta oss fleire turar framover!



fredag 23. mai 2014

Fotografering i barnehagen


I dag har vi hatt besøk av fotograf Svein Elvebakken. Han har tatt både gruppebilder av kvar avdeling og portrettbilder/syskenbilder av dei som ønska det. Alle ungane var kjempeflinke, og det var mange flotte bilde. Vi gler oss til å sjå resultatet!

Når Elvebakken er ferdig å etterbehandle bilda, så blir dei lagt på plassane til barna her i barnehagen.


fredag 16. mai 2014

Ein forsmak av 17. mai i barnehagen!


I dag har vi øvd oss til 17. mai i barnehagen. Det har vore kjempestas for både store og små!
Vi starta dagen med  å gå i tog, og alle barna var kjempeflinke! Vi hadde med oss CD-spelar med
17. mai-musikk på, og ropte «HIPP HIPP HURRA!» mens vi spelte på rytmeinstrumenta våra
og veiva med flagga våra.

Etterpå hadde vi eit felles måltid i bålhytta, der vi kosa oss med pølse med brød og saft. Til dessert fekk vi is. Seinare avslutta vi med 17. mai-leikar. Vi hadde hinderløype, sykkelløp og  bowling.

Til tross for veret, så har vi hatt ei fantastisk 17. mai-øving her i barnehagen! Dagen er enda ikkje heilt over, så kanskje vi er så heldige at russen rekk å ta seg ein tur på besøk?  :)


 


 




 
 

fredag 9. mai 2014

Tusenfryd på oppdagingsferd i naturen

Rammeplanen om Natur, miljø og teknikk

"Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk.
Fagområdet skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for plantar
 og dyr, landskap, årstider og vèr.
 
Det er eit mål at barna skal få ei gryande forståing av kor viktig ei berekraftig
utvikling er. I dette inngår kjærleik til naturen og forståing for
samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen."
 
Denne veka har vi fokusert mykje på naturen og på dyra som bor der. Vi
har sunge songar om naturen, sett bileter og vi har vore på tur i skogen for å leite
etter småkryp. Det synst ungane er veldig spennande! Vi har hatt med eit "akvarium"
til å ha småkrypa i, og eit forstørrelsesglas slik at vi kan studere dei. Vi
fokuserer på at ungane må vere forsiktige og snille med dyra.
 
Ungane har også planta solsikkefrø, og vi håper at det snart veks opp
fine solsikker. Disse har vi tenkt at dei kan få med heim og plante der etterkvart.
Kanskje vi kan ha ein liten konkurranse om kven som får den høgaste?
 
 




 
 

Veke 19 på Friskus

 
Denne veka har friskusane starta eit nytt prosjekt som omhandlar fjøra og alt som finst i fjøresteinane :)





 
 her fant vi mykje krabber og skjell :)
Vi grilla pølser og kosa oss :)
 
 
Vi har også vore på jakt etter vårteikn! :)
Noko friskusane synest var veldig spennande




Er det noko friskusane er veldig glade i, så er det å bygge hytte! både inne og ute.  For nokon veker sider satt vi i gang eit byggeprosjekt der dei fekk bygge si eiga hytte! dette var svært populært! :) hytta har blitt brukt til mykje rart, blant anna og ete lunsj der :)

Sidan det nærmar seg 17 mai, var det på sin plass og måle Norgeflagget :)
 
Ønsker alle ei riktig god helg frå alle på friskus :)