onsdag 25. juni 2014

tirsdag 24. juni 2014

Formingsaktivitet - dyra i skogen

På Tusenfryd har hatt ein formingsaktivitet der vi har laga nokon av dyra vi har i skogen. Det blei klipt ut malar på forhånd, og barna fikk velge kva dyr dei ville lage sjølv. Det blei laga hjort, rev og ekorn. Barna fikk lime på garnrestar på malane.
 
Det blei en fin formingsaktivitet der vi også fekk med litt meir om naturen - som er fagområdet vårt denne månaden.
 
Rammeplanen om Kunst, kultur og kreativitet:
Barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar.
 
Rammeplanen om Natur, miljø og teknikk:
Det er eit mlåå at barna skal få ei gryande forståing av kor viktig ei berekraftig utvikling er. I dette inngår kjærleikk til naturen og forståing for samspelet i naturen og mellom mannesket og naturen
.







fredag 20. juni 2014

Sommerfest og tombola i barnehagen

Torsdag 19.06 hadde vi sommerfest og tombola i barnehagen. Vi starta dagen med leikar som kaste ball på bøtte, "bowling", fiske etter seigmenn, potetløp, boksing på ballongar og rebusløp. Deretter hadde vi eit felles måltid i bålhytta med pølse med brød, snacks og is. Det hadde også komt nokon lure piratar og gøymt skattekart til oss, og alle avdelingane gjekk på skattejakt.
 
Seinare på dagen var det tid for tombola. Då kom foreldre, søsken, nokre besteforeldre og oldeforeldre på besøk i barnehagen. Alle barna framførte nokon songar for foreldra, og alle Friskusane (dei som skal starte på skulen etter ferien) fekk utdelt permane sine og ei lita avslutningsgåve. Vi solgte både rullelodd med masse små premiar og avrivningslodd med større premiar, og foreldra kunne kjøpe kunstverk som barna hadde laga. Vi fekk inn 9751 kr, og pengane vi fekk inn gjekk halvparten til barn-hjelper-barn-prosjektet vårt i Vest-Afrika, og den andre halvparten til leiker og materiell i barnehagen.
 
Vi var ikkje så heldige med vèret, men det vart ein vellykka sommerfest og tombola likevel. Tusen takk til alle som hjalp til med rulling av lodd, kakebaking og alle som leverte gevinstar!

Skal tru om ballen treff bøtta?

Konsentrerte gutar i potetløp


Fristande fangst på fiskeleiken

Midt på blinken!

Felles måltid i bålhytta

Klare for skattejakt. Laila viser fram skattekartet.

Kanskje skatten er her?

Sjokolade-gullpengar!

Flinke songarar!
 
Utdeling av permar og avslutningsgåve. På sølvpute! Lykke til på skulen!

tirsdag 17. juni 2014

Blåklokka på besøk hos ORDFØRAR BJØRN

 
På Blåklokka har vi den siste prosjektperioden jobba mykje med lover og reglar.
Vi har blant anna lært oss kva grunnlova er og at alle reglane vi har er fordi vi skal være trygge!
Borna har vore på jakt etter reglar ute, og vi har funnet mange ute i trafikken...
Alle veit at KONGEN i Norge heiter HARALD, og den som bestemmer mest i landet vårt er statsministeren vår som heiter ERNA SOLBERG...
 
MEN, kven bestemmer mest i kommunen vår??
Og i går (mandag 16.06)  var dagen komen då vi skulle får helse på han som er SJEF i Haram kommune, ORDFØRAR BJØRN :-)
 
Mange spente barn (og voksne) ventar på å få treffe ordføraren.
 
 
Vi fekk kome inn på møterommet, og der viste ordførar Bjørn fram klubba han har. Den brukar han for at alle som er på møtet skal være stille. Det syns barna var litt spennande.Han fortalde også litt om det å være ordførar, og borna fekk spørre og fortelje litt om det dei hadde lært. Og så hadde han ein stor, fin koffert som han åpna. Inni den var det flotte ordførarkjedet som han hadde på seg når for eksempel kronprinsen og kronprinsessa var på besøk her..

 
Og vi fekk sjå brevet som ordføraren fekk frå slottet i vinter, der han fekk invitasjon til å komme på besøk på slottet. Vi fekk og sjå bildet som var tekje når han var på slottet, det var alle ordførarane i heile Norge som var der på besøk.

 
Borna hadde med gave til ordføraren, det var eit bilde av frøken Kanin som nokre av barna hadde laga. Og så fekk han ein plansje med bilder frå barnehagekvardagen. 
 
TUSEN TAKK FOR OSS, ORDFØRAR BJØRN!!



fredag 13. juni 2014

Tusenfryd på jakt etter dyr i skogen

Denne veka har dei yngste ungane på Tusenfryd vore på "jakt etter dyr i skogen". Vi hadde hengt opp bilder av forskjellige dyr på nokon av trea langs stien,  og så stoppa vi opp med kvar post og snakka om og sang nokre sangar om dyret på bildet. Vi hadde blant anna hjort, rev, ekorn og gaupe.


På vei opp til første post.

Sjå, der er enda ein!