fredag 22. august 2014

Friskus på tur til Håvikdemma

I dag har Friskus vore på tur til Håvikdemma. Vi hadde ein kjempeflott tur i fint ver, og alle barna imponerte veldig med kor flinke dei var til å gå! Dei gjekk fint på rekke og hadde ingen problem med å komme seg fram nokon stad! Det lovar godt for turane framover!
 
 
Viktig å skrive seg inn i boka, så alle kan sjå at friskusane har vore her!

Flinke fjellklatrarar!

torsdag 21. august 2014

Bygging av nye småbarnsavdelinger i gang

Endeleg kom det gravemaskin og lastebil for  utgraving av tomt før bygginga av småbarnsavdelingane kan starte. Det er spennande å følge med frå vindauget, og barna samtalar og har mange tankar rundt det som skjer.



Det er sett opp gjerde rundt heile byggeområdet, slik barna kan leike trygt når dei er ute.