torsdag 20. november 2014

Byggeprosjekt-bilder

Så kjem takstolane på plass!


Takstolane på møterommet/pauserommet blir løfta på plass.
Dette rommet kjem til å bli brukt mykje til møter, pauser og andre personalsamankomster. Vi gler oss til å få større plass.






Det har også blitt forskala til utviding av vognrommet. Alt må bli større når barnehagen blir større.

mandag 17. november 2014

Fleire bilder frå byggeprosjektet

Bygginga av personalrommet/møterommet er igang! At det støyer og bråker litt er ingen problem. Det er lyden av at prosjektet går framover :) :)

Bygginga av småbarnsavdelingane og garderobene er godt igang. No er det kledd med plater, og løpet av veka kjem det levering av takstolar!

Innvendig har dei begynt å dele opp rom.


onsdag 12. november 2014

Byggeprosjektet

Kjekt å sjå at bygget reiser seg:)

Her blir dei nye småbarnsavdelingane.

Misjonskafè

Tirsdag 11. november arrangerte barnehagen Misjonskafè for foreldre og søsken, til inntekt til Barn-hjelper-barn-prosjektet til NLM Ung i Etiopia.


Vi solgte pølse m/brød, kaffi og kaker til inntekt for prosjektet. Frå høytalarane spelar det Etiopisk musikk:)

Kjekt med besøk av foreldre og søsken.

Ein travel styrar hastar forbi. Prøver å komme utanfor bildet, men lykkast ikkje :)


fredag 7. november 2014

Tusenfryd på kongle-jakt

Jula nærmer seg fort, og på Tusenfryd jobber vi hardt for å førebu denne høgtida som seg hør og bør.
Blant anna skal vi lage dekorasjoner, og då har vi som mål at barna skal lære seg ulike teknikker, forme, og å bruke naturmateriale. Så onsdag var vi på tur for å finne kongler i nærmiljøet.
Vi vil nok etter kvart kunne presentere nokre fantasifulle og flotte kunstverk signert av dei ivrige tusenfryderane.
På turen ut oppdaga vi også at den lave sola gjorde oss alle ekstra lange. Saman med alle dei frosne sølepyttane gjorde dette turen ekstra interessant.