torsdag 17. desember 2015

Tilbakeblikk frå hausten 2015

Med overblikk over barnehagen og Håvikmyrane.  Spennande å sjå ned på kva som skjer i barnehagen.
Oj... Sjå kva eg fann!!!

Plask i gjørme...

Vi klatrar opp på eit lite fjell.

På leiting etter småkryp. Ei maurtue er alltid spennande å følge med på. Og ikkje alltid kjekk å komme altfor nær...


På fjøretur. "Kva kan bite på kroken i dag da?"

På tur mot Håvikdemma.


Å slenge seg er gøy!

Misjonsprosjekt på Blåklokka - barna laga ein landsby i Peru der dei sjølve fekk "flytte" inn.
"Bro, bro, brille - klokka ringer elleve... "




Bibelsamling med flanellografi - Barna får bearbeide historia som blei formidla i samlinga etter.

Hobbyaktivitet - Juleverkstad på Friskus

Alternativt juletre på utebasen - laga av innsamla greiner og kvistar frå skogen.

Endeleg kom snøen! ( Det skal ikkje så mykje snø til før ein kan ha det moro)



Vinterstemning på grillhytta.

På julevandring i kyrkja.


Trekning av adventskalenderen på Tiriltunga. Ein ny engel blir limt på, og det er ein dag mindre til jul...



fredag 3. juli 2015

Blåklokka

Det er mykje ein kan lage av verdilaust matriale :)



Barna har planta blomsterfrø

mandag 29. juni 2015

Bilder etter påbygginga vår

Barnehagen har fått 2 nye småbarnsavdelingar, nye garderober og stort fellesrom. Det er eigen inngang og leikeområde til småbarnsavdelingane.



fredag 26. juni 2015

Velkommen til åpen dag



Åpen dag i Tryggheim barnehage Brattvåg
Torsdag 2. juli kl 13-15


Vi inviterer alle for å komme og sjå den flotte barnehagen vår.

I løpet av dette barnehageåret har barnehagen vår gått igjennom ei stor utbygging og renovering. Vi har blitt enda større, og har utvida med blant anna 2 småbarnsavdelingar.
Vi ønsker derfor alle interesserte velkommen til besøk for omvisning.


Besøksadresse og kontaktinformasjon:
Tryggheim barnehage Brattvåg, Øvrehjellen 1, 6270 Brattvåg
Tlf: 70215405
e-post: tryggheim.brattvag@nlmbhg.no

fredag 15. mai 2015

17. Mai feiring i barnehagen - 15. Mai



15.Mai hadde vi 17.Mai program her i barnehagen. VI gjekk 17.Mai tog i byggefeltet ved siden av barnehagen, barna fekk flagg og rytme instrument, vi hadde også med oss cd spelar, som spelte flott korps musikk.

Alle avdelingane hadde felles måltid i det store nye felles rommet vårt når vi kom tilbake fra toget, der kosa borna seg med pølse m/brød, is og saft.
Vi sang nasjonalsangen.

Etter mat var det klart for leikar, Vi hadde Bowling, Sykkelløp og potetløp.

fredag 8. mai 2015

Ute på tur, Blåklokka

På tur ut i naturen

Skal tru om vi finn meitemarkar i jorda?
Det var lite meitemarkar å finne, vi fann ein meitemark,ein larve,og ein stor svart sniel.


så kjekt å klatre å sile på dinna store steinen
Det er godt med ei hand, da  er det lettere å komme seg opp på steinen
Cecilie ville gå over på tauet, klarte ho det?


Sidan sist på Friskus

No har vi fjøra og livet i sjøen som tema på Friskus, og då er vi sjølvsagt ein del i fjøra. Der kosar vi oss skikkelig, og finn mykje spennande!

På tirsdag var vi på "Barnehageleir" på Vestnes. Det var veldig kjekt! Dei hadde laga til eit skikkelig opplegg der, med blant anna sporløp og misjonsvandring der vi lærte litt om Kina, Etiopia og Bolivia.

Sansekasse, en av postane på sporløpet. Skal tru kva som er i boksa?

Lagarbeid. Om å gjer og samle mest vatn i målebegeret før det hadde gått 2 minutt. Ikkje lett å få med seg så mykje vatn i ei lita skje.
Spennande i fjøra. Her leiter vi etter krabber.




God utsikt fra Håvikdemma