torsdag 28. januar 2016

Internasjonal foreldrekaffi

I veke 1-5 har vi internasjonale veker i barnehagen. Vi har fleire barn i barnehagen som kjem frå ulike land og kulturar.
Dei har  krav på å få sin identitet og sitt morsmål synleggjort i barnehagen.
Vi får høyre om dei ulike landa, sjå flagg, musikk og klesdrakt o.l. Vi lager internasjonal mat. 
 
I Rammeplanen for barnehagen står det at barnehagen skal:
……sørgje for at barna utvidar forståinga om kulturelle likskapar og skilnader og arbeide for eit inkluderande miljø som motverkar mobbing og rasisme.


Barnehagen inviterte til internasjonal foreldrekaffi torsdag 28. januar, som ein del av prosjektet "Internasjonale veker" som vi har hatt i januar. 

Det var eit imponerende langbord med matrettar frå mange verdensdelar. Det var foreldra som leverte det meste av maten, i tillegg til at barnegruppa Friskus hadde laga vårrullar og Grethe (kjøkkenassistenten/barnehagekokken) hadde laga Bacalao. Så mange nydelege smakar! 




Spennende for barna å få prøve seg på nye smakar. Her er det vårrullar frå Filippinene, potetkaker frå Polen m.m