fredag 26. februar 2016

Blåklokke gruppe på tur til Bibloteket

Blåklokke Gul gruppe på Bibloteket, klar for å høyre eventyr fra Eventyrkua.
I dag skal dei få høyre om Bukkene - Bruse vender tilbake (Bjørn F. Rørvik, Gry Moursund)

Den mellomste bukkene bruse utfordra trollet, berre kom og ta meg du!
ÅÅÅÅÅ! Ropte Trollet, det er jo ikkje du som skal sei det!
Joda sa den mellomste bukken.
Eg Kan stange!!

Det er ikkje berre bøker som er spennande, her er også kjekke spel

Skal tru om der er melk i jura til eventyur kua? Nei, der er helt tomt, Kalvane mine er vaksne.

tirsdag 23. februar 2016

Friskusane på skifestival i Engesetdalen :)

Onsdag 10 februar var Friskusane i Engesetdalen på Møre Ski Minikids. Vi pakka med oss ski og stavar, skisko, varme klede og godt humør. Satte oss på bussen som skulle ta oss med til Engesetdalen for ein dag i skiløypa:)  
 
 
Dei starta med 2 runder i medaljeløypa, alle hadde nummer på seg og gjekk den 400 meter lange løypa. Når dei kom i mål var det medaljeutdeling, veldig spennande og så kjekt å få medalje, det var ein stolt gjeng!  
 
 
Etter medaljeløypa fekk vi varmrett i kjellaren, pølse og stappe med saft til drikke. Det var litt nedbør denne dagen så det var godt å komme seg inn og varme seg litt før det var på igjen med skikarusell i lita løype.
Før vi reiste heim var det fruktservering og alle barna fekk kvar sin buff/panneband i premie.
 


Personalmøte ute i naturen :)

2 november var to av personalet i Molde på kurset Naturpilotene. Dei fekk innspel på korleis dei vaksne kan vere ilag med barna i naturen og kor viktig det er at barna fer oppleve førstehandserfaring  - ikkje sete inne å lære korleis fuglane, elva etc ser ut, men ut å få sjå det i verkelegheita!

Om ein opplevelse skal vare evig - må den bli godt bearbeida!!

Kurset blei avslutta med at alle måtte tilbake i barnehagen og formidle det dei hadde lært til resten og at personalet skulle få prøve å vere barn i naturen, dette gjorde vi på eit personalmøte.

 
Vi starta med eit 5 minutters foredrag frå kurset til resten av personalet, deretter gjekk vi i bålhytta der alle skulle grille seg kvar sin fiskeburger.
 
 
 
Når alle var mett og go gjekk vi over på ein aktivitet i skogen. Vi delte personalet inn i 3 grupper, i skogen hang det bildekort med refleks og gruppene skulle leite med lommelykt etter korta dei fekk utdelt med samme bilde. Dei som klarte å finne alle sine par raskast, vann! Her var det fleire som viste at dei hadde høgt konkurranse instinkt!:)
Deretter fortsatte eit litt annerledes, men veldig kjekt personalmøte med dessert, som var banan med sjokolade grilla på bålet :)

onsdag 17. februar 2016

Blåklokka : Dyra i skogen

Vi har fått besøk av ein sølvrev i barnehagen.

Skal tru om hjertet slår?

Kan den bli levende igjen?

Temasamling Blåklokka Naturen om Vinteren

Vi lager snømann

Ruller snøball
Det var lite revespor å finne, så vi laga våre egne spor, liten og stor, lik og ulik.

Vi fann ein ake bakke, det gjekk fort, det var høgt ned.                                 
  I rammeplanen står det at naturen gir rom for et mangfold av opplevelser til alle årstider og i all slags vær, og at det er personalets ansvar å ivareta dette opplevelsesmangfoldet i barnehagehverdagen.
  











                    


torsdag 11. februar 2016

KARNEVAL

KARNEVAL I BARNEHAGEN

 

Her om dagen var den her, DAGEN da små og store har kledd seg ut og gjer mykje kjekt og spennande. Utkledning, kribling i magen og KARNEVAL :-)
Her var Pippi og monster, sjørøvarar og drager, prinsesser og troll, Karius & Baktus og superheltar, ja til og med tante Sofie og ein liten kattepus hadde funnet veien til barnehagen denne dagen.
Borna hadde samlinger på avdelingane før alle møttest til festmåltid på kjøkken-allrommet vårt. Grethe kokk hadde laga pølser i brød og saft. Matlysta var stor, kjekt å ha fellesmåltid ilag både store og små.

På småbarnsavdelingane hadde vi samling med eventyrforteljing og dansing.
 
 
Fullt på kjøkkenet  når heile barnehagen samlast, men veldig kjekt!!

 
Her er troll og hekser, klovner og tilogmed ein kokk kan vi sjå i bakgrunnen :-)
 
 
 
Karius og Baktus hadde ikkje pussa tennene sine på lenge...

fredag 5. februar 2016

Skogstjerna og Tiriltunga på tur til grillhytta!

I dag har dei største barna frå Skogstjerna og Tiriltunga vore på tur til grillhytta. Vi vaksne tvilte litt på at vi skulle komme oss heilt opp, for det er ganske tungt for å dei små beina og gå så langt i snøen. Men der fekk vi oss ein overraskelse, for alle sju kom seg heilt opp til grillhytta utan ei einaste sur mine! Utruleg flinke 2åringar! :)

I grillhytta tente vi bål, og hadde kristen samling, før vi kosa oss med lunsj og varm kakao.

"I småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motorisk dugleik, kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei skal ta vare på helse og livskvalitet. Barn er kroppsleg aktive, og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaring, dugleik og kunnskap på mange område. Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er viktig for å utvikle ein sunn kropp. Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll. Aktiv bruk av natur og nærmiljø gir mange moglegheter"
- Frå rammeplanen.

Så flinke til å gå!
Endelig kunne vi sjå målet; grillhytta!

Varmt og godt med bål!

Kristen samling med historier frå bibelen. Spennande!

Godt med ei hånd og holde i, og ei bæremeis å sete i.

Flinke toåringar!

Ei lita kvilepause. Her byrja dei å bli slitne, men no er vi snart nede i barnehagen att!

mandag 1. februar 2016

Kjekt med snø og snøhole for Tiriltunga og Skogstjerna!


Idag var det mykje snø når vi kom i barnehagen, og den måtte vi sjølvsagt ut å leike i! Vi fant fram snøskuffer og laga oss ein snøtunnel. Både barna og dei vaksne måtte hjelpe til, og tilslutt fekk vi ein kjekk liten snøtunell som barna kunne krype inn og ut av. Det var kjempekjekt! 

Det passa fint å starte februar-månad med snø, sidan to av måla våra for månaden er "leike i snøen" og "oppleve ulike vértypar i uteleiken". I tillegg passa dei to hovudsongane for månaden ekstra bra: 

"Se, nå snør det, ja det gjør det.
Tett i tett i tett.
Snø i nakke, nese.
Snø i hele fjeset.
Se opp snør det, ja det gjør det.
Tett i tett i tett." 

og 

"Det snør, det snør.
titteli bom
det er det det gjør,
titteli bom.
Nå snør det mye mer enn før,
titteli bom - og huttemeg tu"


Her må alle hjelpe til. Kjekt med små snøskuffer til barna!

Så flink!

Den lille snøtunellen vår var kjempekjekk!

Det vart lavt under taket, så her måtte man krype lavt!

"Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vér. Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og vér"
- fra rammeplanen.