onsdag 27. april 2016

Foreldremøte om Trafikk og barn i bil

På måndag hadde vi foreldremøte, der temaet var Sikring av barn i bil. Då var vi så heldige at vi fekk besøk av politiet, som fortalte om kor viktig det er med skikkelig bilsikring og det å vere i forkant. Bruk god tid og tilpass farta etter både fartsgrense og forhald. Ha all fokus på trafikken, ikkje bruk telefon eller liknande mens du køyrer.
 
Når de leverer og henter barna i barnehagen, så ber vi om at alle slakkar ned farta utanfor barnehageområdet og på parkeringsplassen. La aldri bilen stå å gå på tomgang eller med nøklane i. Plutselig kan eit barn få bilen i bevegelse og det kan skje ulykker.


Sikrig av barn i bil:
- Barn bør sikrast bakovervendt så lenge som mogleg, helst 4 år.
- Det er påbudt å sikre alle barn med godkjent barnesete til dei er minst
135 cm høge eller over 36 kg tunge.
- Ha ALDRI beltet under armen eller bak halsen. Husk å stramme beltet godt.

Laila viste fram vår gode venn Tarkus. Han blir mykje brukt i barnehagen, og er barnas eigen trafikkvenn. Tarkus er ei hånddukke som blir brukt for å lære barna om trafikk og sikkerhet.

 Lengre ned i innlegget er det lagt ved tre filmer som blei vist på foreldremøtet.
 

Tarkus er veldig sjenert, men han kom no fram og helste på alle dei "skumle" framande som var på møtet ;-)
 
 





tirsdag 19. april 2016

Extra heldige med lunsjen vår idag :-)

Tidlig idag kunne dei som satt på kjøkkenet og spiste frukost følge med på Grethe som satte deig. Bakedag i barnehagen idag, og etterkvart kjende vi den deilige lufta av nysteikte rundstykker i heile barnehagen. Gjett om vi begynte å kjenne at det nærma seg tid for mat :-)
 
Haugen på kjøkkenbenken vokste og alle fekk smake. God matlyst på alle idag :-)

 
Sunt og godt, med grove rundstykker m/ ost, skinke, kyllingpostei og grønnsaker.
Ser ikkje det godt ut vel??

fredag 1. april 2016

Kunstverk i barnehage

I barnehagen vår er vi så heldig å ha en ekte kunstner som jobbar  her.
Vi syns vi er kjempeheldige som berre kan spørre Ewa om ho kan male noko, og så kjem det nydelige bilder opp på veggane :-)
Ho har tidligare mala Karstein og Petra inne på Blåklokka sin vennskapsbenk! Og no er det nokre andre "kjendisar" som har fått plass på veggane våre inne på Skogstjerna. Etterkvart vil det og komme fleire kjente figurar inne på Tiriltunga. Det vert spennande å sjå kven som dukkar opp der :-)





Denne vesle krabaten er ein av mange
små detaljer på maleriet :-)

Ein nydelig liten sommarfugl
      





Denne artige augenstikkaren flyg også på veggen :-)

OJJJ.... Kven er dette???

Ewa i full sving med malarpenselen. Ewa kjem opprinnelig frå Polen
og har kunstlærarutdanning derifrå.Ho arbeider i barnehagen som assistent
og vikar på fleire av avdelingane.

Heisann, Tigergutt var det som hadde den vesle åma på halen sin :-)

To gode vener slappar av saman.

"Hvilken dag er det? sa Ole Brumm.
Det er idag,sa Nasse Nøff.
Min favorittdag, sa Ole Brumm"

BZZZZZ..... Kom gjerne innom og sjå heile maleriet vårt.
Der er meir enn det som er vist fram på bloggen her.

GOD HELG!