torsdag 19. mai 2016

Overnatting i barnehagen for Friskusane :)

Endeleg var nedtellinga over og dagen for overnatting i barnehagen var her. Barna møtte opp med soveposer/dyne, pute, kosebamser i alle variantar, liggeunderlag, nokre sommarfuglar i magen og var klar for ei natt i barnehagen:) 
Vi starta med pizza og brus/saft på fellesrommet, ein kan mildt sagt seie at barna var heilt opp under taket sjølv om dei også verka veldig spente! 
Vi hadde deretter på oss støvlar for å leite etter skatten i skattejakta. 

Alle borna fekk kvar sitt skattekart, måtte starte på trappa på friskus og opp i skogen for å leite. 




..... Å skatten fann dei fort! Alle var ivrig i leitinga og veldig spent på kva som var i eska som var pakka godt inn i sølvpapir. Vi sprang ned igjen på fellesrommet for å åpne




Deretter var det tid for film og snacks. 
Alle ville legge seg når filmen var ferdig, dei gjekk ein og ein på badet og fann deretter soveposen/dyna si! Og korti dei søvna............ det snakka ikkje vi om, det viktigaste er at dei har fått ein opplevelse dei vil leve lenge på.


No ligg dei vertfall djupt inn i drøymeland.... :)

mandag 9. mai 2016

FRISKUS PÅ TUR TIL ATLANTERHAVSPARKEN

Onsdag kom endelig dagen vi venta på no så lenge, turen vi skulle på til Atlanterhavsparken. 
Vi tok bussen frå Brattvågen og til Hamsundet, der videre til Ålesund med hurtigbåten. Nå vi kom til byen stod det ein maksitaxi som kjørte oss opp på akvariet.
Når vi kom til akvariumet stod det ein mann å venta på oss, han fortalte oss om fleire kjente fiskesortar og vi fekk kjenne på skarpe haitenner. 
Vi fekk vere med på disseksjon av ein torsk - ein opplevelse for både små og store!



Nokken var skikkelig tøff og modig, holdt ein hummer!
Vi såg etter selane, men dei gøymte seg godt..



Her var det mating av fiskane i det store akvariumet og dykkeren var spennande!

Vi fiska etter krabber, noko fekk meir napp enn andre:)



Til slutt fekk vi litt tid til å leike ute før vi kjøpte oss is og tok bussen heim til Brattvågen :)

BARNEHAGEDAG PÅ VESTNES FOR FRISKUS

Tirsdag 3 mai reiste vi på lang busstur, heilt til Vestnes for å vere med på barnehagedag på Vestheim. Vi fekk vere med på andakt og lærte oss ein ny sang, vi fekk vere med på misjonsvandring til Kina, Bolivia og Etiopia. Vi var med på sporløp med mange artige postar. Veldig spennande! 

På misjonsvandringa satte vi oss på flyet til Kina først

Så tok vi flyet videre til Etiopia

Artig å få prøve og sjå klede frå andre land. 

Frå Etiopia fekk vi sjå nokre instrument, her er ei tromme. 

På sporløpet vi fekk vere med på var det mange artige postar:

Her skulle vi telle kor mange såpeboble heile laget klarte å blåse tilsaman. Vi klarte 228 stk tilsaman:)

Her skulle vi frakte vatn med t skjei, og måle opp til slutt kor mykje heile laget hadde samla opp. 

På denne posten var det mykje forskjellig opp i ei kasse, der barna skulle kjenne på og gjette kva det var for noko. Dei var kjempeflink ! 
Før vi satte oss i bussen for å reise heim, kom Linkus på besøk og delte ut leirbevis til alle barna.:)


FRISKUSANE PÅ TUR TIL VATNE 

Måndag 2 mai satte vi oss på bussen og reiste på besøk til Tryggheim barnehage på Vatne. Der fekk vi vere med førskulegruppa på tur til Gurinesbukta der vi hadde rebus og grilla. På slutten rakk vi å leike litt på barnehagen før vi tok bussen tilbake. 
Vi grilla vennepølse, 2 stk samarbeida når vi grilla pølse. 

Vatnegjengen hadde laga rebus, vi delte i blanda lag og gjekk rundt i skogen på ulike postar og samarbeidde for å finne svaret:) Det handla om ulike fiskar, fuglar, kjente disney figurar o.l. 

Alle syns det var artig å få leike seg på ein heilt ny plass, nede ved vatnet og oppe i skogen.