I veke 1-5
har vi internasjonale veker i barnehagen.
Vi har fleire barn i barnehagen som kjem frå ulike land og kulturar.
Dei har krav på å få sin identitet og
sitt morsmål synleggjort i barnehagen.
Vi får høyre om dei ulike landa, sjå flagg,
musikk og klesdrakt o.l. Vi lager internasjonal mat.
I Rammeplanen for barnehagen står det at barnehagen skal:
……sørgje for at barna utvidar forståinga
om kulturelle likskapar og skilnader og arbeide for eit inkluderande miljø som
motverkar mobbing og rasisme.
|