Tusen takk for koseleg besøk, Lars Kjetil! |
Øvrehjellen 1, 6270 Brattvåg e-post: tryggheim.brattvag@nlmbhg.no tlf: 70215405
onsdag 20. november 2013
Turbilder fra Friskus utegruppa
Rett nedanfor barnehagen er det er flott fjøre som Friskusane ofte er på tur til. Her kan dei leite etter krabbar, fange småfisk med hov og samle skjell. |
Bål i fjøra høyrer med, og det er alltid godt å varme seg på bålet. Barna spidder pølser på pinne, og kanskje er det også med litt marshmallows av og til. |
På besøk på biblioteket - her er spennande spel å halde på med, og nye, spennande bøker å bla og lese i. Det er alltid kjekt å kome på biblioteket. |
Å samle naturmateriale for å lage dekorasjonar er kjekt. |
Misjonsprosjektet - barn-hjelper-barn - 2013/2014 - Vest-Afrika
Litt afrikansk dans høyrer med. Fatou som har språkpraksis i barnehagen, har god erfaring i afrikansk dans frå heimlandet sitt. Og barna er ivrige etter å lære. |
Historia frå bibelen om Babels tårn høyrer med. Historia fortel korleis folk begynte å snakke ulike språk. |
Barnehagen har barn frå alle verdensdelar, og det er spennande å sjå på jordkloden kor barna eller barna sine foreldre kjem frå. |
tirsdag 22. oktober 2013
Jubileumsdagen - Barnehagen 40 år!
I dag feirer vi at det er 40 år sidan barnehagen opna. Barnehagen kan sjå tilbake på mange innhaldrike år, og framover på mange innhaldsrike og spennande år vidare!
Litt historie
På slutten av 1960 talet skulle
det leggast ut eit byggefelt på 72 tomter i Håvikmyrane i Brattvåg. Ein av
grunneigarane var Ottar Håvik. Han hadde lese i misjonsbladet Utsyn om at Norsk
Luthersk Misjonssamband ville satse på barnehagearbeid.
Dette fenga Ottar som var
formann i den lokale misjonsforeininga. Han gav eit høveleg tomteareal og vart
formann i den lokale byggenemnda.
Dette var nytt i Brattvåg.
Barnehagar var slikt som fanst i byen og på store industristader.
Det vart sett i gang
behovsgransking. Mange unge var positive, medan andre lurte på kva dei skulle
med barnehage. ”Dei kunne no passe ungane sine sjølve” og ” barna kan leike ute
i lag med mødrene sine” var svar ein fekk på denne granskinga. Arbeidet gjekk
vidare og med kommunal garanti og gratisinnsats frå misjonsforeininga, vart arbeidet
sett i gang.
Eit Oslofirma som hadde levert
mange barnehagar vart kopla inn. Det vart sagt at dei hadde seld mange
barnehagar, men aldri med ei så fin naturtomt.
Bygget vart sett opp etter
føreskriftene på den tida med to avdelingar for barn mellom 3-7 år. Huset blei
fint og tenleg, men uteområdet skulle ordnast på dugnad.
Tryggheim barnehage, Brattvåg
kunne starte opp midt i november 1973.
Då var alt omkring huset opne
grøfter, rusk og rask. Men på opningsdagen la ”Vår Herre” eit fint snølag over alt
rusket, det var sol over snø den dagen.
For å ordne opp ute, vart det
mykje dugnader. Foreldre, tilsette og misjonsvener, alle stod på.
Barnehagen har fungert godt og
tenleg i mange år. Men krav og behov har endra seg. Etter 20 år tok ein til å
planlegge utviding for å få bedra forholda spesielt for dei tilsette.
I oktober 2004 kunne vi ta i
bruk ei ny fløy som inneheld 2 kontor, personalrom, garderobe, toalett og
lager.
I tillegg har vi fått utebasen
som inneheld opphaldsrom, garderobe og toalett til Friskusane. I 2001 vart det
bygd stellerom på begge avdelingar, og barnehagen vart med dette godkjent for
barn frå 0-6 år.
Seinare blei det bygd grillhytte
oppe i skogen, og i fjor bygde vi oss bålhytte her på leikeområdet. Og no har
vi også fått nytt leikelager.
Dersom alt går i orden med
kommuna, vil vi også starte med utbygging av to nye småbarnsavdelingar, nye
garderober, stort fellesareal og større personalrom i løpet av 2014.
Barnehagen har opplevd stor utvikling
i løpet av desse 40 åra, og vi er fortsatt i stor utvikling. Barnehagen har
gått frå å vere eit tilbod til nokre få barn under barne- og
familiedepartementet, til å vere ein pedagogisk institusjon under
Kunnskapsdepartementet. Det betyr at barnehagane blir rekna som å vere ein del
av «utdanningsløypa» til barna. Dei som arbeider i barnehagen har eit stort ansvar, og vi er
stolte av å jobbe i barnehagen.
Jubileumsdagen blir feira med bursdagssamling, Jubileumsfest med foreldre, søsken, tilsette og tidlegare tilsette.
Både personale og barn fekk seg nye t-skjorter |
Vi hadde bursdagssamlinga for barnehagen inne på Tusenfryd
|
Forberedelse til Jubileum:
Mandag hadde vi dugnad for å få sette opp partytelt! Det blir nødvendig når vi skal ta imot mange gjester på festen vår (og når det ikkje er meldt godt vèr).
tirsdag 1. oktober 2013
Besøk av brannbilen 19. september
Endeleg er brannbilen her! Den fekk rygge heilt inn på barnehageområdet. |
Det var stor stas å få snakke med ein ekte brannmann, og han hadde mykje spennande å vise oss. |
Brannmannen har fått på seg fullt utstyr, og barna er nysgjerrige på korleis det er å ha på seg |
Brannslangen måtte også testast! |
Det var spennande å sjå kor mykje utstyr som var inne i brannbilen. |
Tusen takk for eit flott besøk, kjære brannmann!
mandag 8. juli 2013
FYSIKKEKSPERIMENT I BARNEHAGEN
Fysikkeksperiment er gøy! Då kan vi finne ut litt om korleis fysiske lover verkar. Barna får prøve ut sjølve og fundere over kvifor ting fungerer som dei gjer. Vi laga "vulkan" i sandkassa med vatn, eddikk, oppvaskmiddel, konditorfarge og natron. Sjå kva som skjedde!
torsdag 20. juni 2013
Sommerfest
I dag har vi hatt den tradisjonelle sommerfesten i barnehagen.
Det er ein flott årleg begivenhet, der vi har ulike sommarleikar, sporløp, skattejakt, og ei høgtideleg avslutning for dei eldste barna som skal starte på skulen og for dei barna som skal vidare i ein annan barnehage.
Å kaste pinne er ein av dei leikane barna får prøve seg på. Her er det viktig med presisjon..... |
Hinderløype er morosamt |
Dei eldste barna fekk utdelt gåver frå ei "ekte" Sølvpute. Tusen takk for den flotte tida i barnehagen, og lykke til vidare på skulen! |
Festmåltid med langbord |
Vi feira med pølse med brød (såklart!), snacks og melon. |
Vi hadde skattejakt med skattekart.... spennande å leite etter skatten.... I skattekista låg det mange gullpengar! |
Det var fiskekonkurranse..... "Håper vi får noko på kroken!". |
Potetløp... Klar - ferdig - gå.... |
Hinderløype |
torsdag 6. juni 2013
Topp innsats på familiedugnad lørdag 25. mai
Mange tre og busker blei også saga ned for å lage eit ryddigare inntrykk. Motorsaga var god å ha! |
Greit å arbeide medan barna leiker/arbeider la med! :-) |
Singelhaugen skulle bli boren på stien opp mot grillhytta vår i skogen, der det var litt våte/gjørmete parti.
Leikenota måtte også fiksast og reparerast. Det var god innsats og nota vart god og fin etterpå. |
Til alle foreldre og barn som stilte på dugnad:
TUSEN TAKK FOR SUPER INNSATS!
Abonner på:
Innlegg (Atom)