fredag 9. mai 2014

Veke 19 på Friskus

 
Denne veka har friskusane starta eit nytt prosjekt som omhandlar fjøra og alt som finst i fjøresteinane :)





 
 her fant vi mykje krabber og skjell :)
Vi grilla pølser og kosa oss :)
 
 
Vi har også vore på jakt etter vårteikn! :)
Noko friskusane synest var veldig spennande




Er det noko friskusane er veldig glade i, så er det å bygge hytte! både inne og ute.  For nokon veker sider satt vi i gang eit byggeprosjekt der dei fekk bygge si eiga hytte! dette var svært populært! :) hytta har blitt brukt til mykje rart, blant anna og ete lunsj der :)

Sidan det nærmar seg 17 mai, var det på sin plass og måle Norgeflagget :)
 
Ønsker alle ei riktig god helg frå alle på friskus :)

onsdag 19. mars 2014

Barnehagedagen 18. mars


Barna fra Blåklokka og Friskus var på Haram vidaregåande skule for å reklamere for å jobbe i barnehage! Dette var ein del av prosjektet "GLØD" for å rekruttere søkjarar til barnehagelærerstudiet! Barnehagane treng gode og kvalifiserte pedagogar. Barna fortalde elevane kva ein kunne gjere i ein jobba i barnehage. Det er ingen tvil om at "verdens finaste jobb er ledig"! Det å jobbe i barnehage er eit morosamt, spennande, utfordrande og varierande arbeid, der ingen dag er lik og du blir møtt av barn som er glad for å sjå deg, kvar dag!

Barna sang og dansa for elevane i kantina på skulen! Og etterpå delte vi ut GLØD-avisa og gjekk rundt på klasseromma til 3. klassingane for å reklamere for å bli barnehagelærar! Håper at vi får sjå mange av elevane igjen i barnehagane våre som både barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar! Velkommen!

Etter at Blåklokka og Friskus kom igjen frå turen til Haram vidaregåande skule, var det feiring av Barnehagedagen 2014 i bålhytta til barnehagen. Barna fekk høyre om Grunnlova vår og kvifor det er viktig med ei lov! Og så feira vi med nybaka bollar og kakao! 




fredag 28. februar 2014

Endeleg er våren her!

             Her kjem ei lita vårhelsing fra Friskusane :)
 Denne veka har vi kosa oss mykje ute i skogen :)
 
 
 
Jippi! endeleg er våren her!

 
 
 Her leiter vi etter smådyr :) spennande!
 
 
 

fredag 14. februar 2014

Veke 6 og 7 på Friskus

 
 
 
Vi var så heldige å få besøk av Hege Dalhaug, som hadde samling med oss om Elfenbenskysten.
Ho hadde med seg mykje spennande instrument som vi fekk prøve.
 Her viser Fatou oss rytmer på ei afrikansk tromme.
 
 
På friskus er vi veldig glad i å bake!

Deilige kanelsnurrer og skuleboller

 
 
 
Vi var på tur i fjøra, der vi fant mykje spennande i fjøresteinane.



 
Vi kosa oss med god mat, fiskeburger!
 
 
 
KARNEVAL :) I tryggheim barnehage er vi veldig glad i å kle oss ut!
populært blant både voksne og barn!

Spiderman og bonden venter på pølse med brød og marshmallows :)
 
Vi har også vært på skulebesøk, her er både voksne og barn i full aksjon :)
alltid like kjekt å komme seg heilt til topps:)

 
 
Her er vi ute og leiker fargekongen!

 
Håpe alle har hatt ei fin veke! god helg fra Friskus :)
 

onsdag 12. februar 2014

Karneval

Til karneval vi drar av sted.....



Så kom heksa Pomperiposa.... Som fanger barna under teppet sitt..... Her gjeld det å ikkje bli fanga..... Ligge stille som ei mus...





Litt karnevalsdans høyrer med:)






Felles måltid for heile barnehagen! Det er kjekt og sosialt.



Å slå på "katta i sekken" høyrer med

Internasjonal foreldrekaffi




 Barnehagen har i januar hatt internasjonale veker. Barna skal utvikle forståing for ulikheiter og likheiter, og sjå seg sjølv i ein samanheng. Barna har fått høyre om andre land, samfunn, menneske og tradisjonar. Målet er at barna skal utvikle respekt og toleranse og interesse for menneske frå ulike kulturar.


Samling der dei fekk sjå kva klede, sko, leiker, bileter m.m dei bruker i Vest-Afrika/Elfenbeinskysten. Vi har særleg fokus på dette afrikanske landet fordi NLM har Barnas Misjonsprosjekt retta mot det.
Barnas verdenskart har er flott! Her kan barna ha mange samtalar med kvarandre, og dei kan samanlikne korleis det er på dei ulike landa og verdensdelane. Kartet har utruleg mange detaljar med folk i ulike klede, dyr, hus, vegetasjon m.m.
Barnehagen har mange barn som har foreldre frå andre delar av verda. Det er spennande å samanlikne flagg og vite kva flagg som er "mitt" og dei andre sitt. 
Torsdag 6. februar hadde vi internasjonal foreldrekaffi
Då inviterte vi foreldre og søsken til fest i barnehagen. Foreldra tok med seg mange internasjonale rettar, og vi fekk ein liten smakebit frå alle verdensdelar. Det var spennande med mange nye smakar,  og ein stor suksess!
 






 Tusen takk til alle foreldre som bidrog til å gjere den internasjonale foreldrekaffien til ein svært koseleg fest! Det var virkeleg kjekt!