fredag 8. mai 2015

Ute på tur, Blåklokka

På tur ut i naturen

Skal tru om vi finn meitemarkar i jorda?
Det var lite meitemarkar å finne, vi fann ein meitemark,ein larve,og ein stor svart sniel.


så kjekt å klatre å sile på dinna store steinen
Det er godt med ei hand, da  er det lettere å komme seg opp på steinen
Cecilie ville gå over på tauet, klarte ho det?


Sidan sist på Friskus

No har vi fjøra og livet i sjøen som tema på Friskus, og då er vi sjølvsagt ein del i fjøra. Der kosar vi oss skikkelig, og finn mykje spennande!

På tirsdag var vi på "Barnehageleir" på Vestnes. Det var veldig kjekt! Dei hadde laga til eit skikkelig opplegg der, med blant anna sporløp og misjonsvandring der vi lærte litt om Kina, Etiopia og Bolivia.

Sansekasse, en av postane på sporløpet. Skal tru kva som er i boksa?

Lagarbeid. Om å gjer og samle mest vatn i målebegeret før det hadde gått 2 minutt. Ikkje lett å få med seg så mykje vatn i ei lita skje.
Spennande i fjøra. Her leiter vi etter krabber.




God utsikt fra Håvikdemma



onsdag 22. april 2015

Blåklokka Gul Gruppe: Bibelsamling 20.April

Vi tenner eit lys for Jesus, som sa at han er lyset for menneska.

Bibel - Forteljing

"Fiskefangsten" ved Genesaretsjøen.
Sang: Peter, Jakob, Johannes i ein fiskebåt...Fekk ingen fisk, da kom jesus gåande på stranda. Han sa kast garnet på andre sida av båten....Da dreg dei opp garna, full av fiskar.

fredag 27. mars 2015

Påskeførebuingar på Friskus!

No er det klart til påske, og vi er ferdige med all påskeførebuing på Friskus.

På onsdag inviterte vi alle foreldre og sysken inn til oss på påskefrukost. Vi hadde baka gode rundstykke og kjøpt inn masse godt pålegg. Påskefrukosten blei veldig vellykka. Litt trangt, men som dei sei: "der det er hjarterom er husrom".

Vi er og ferdige med alle formingsaktivitetane vi skulle ha før påske, og idag får alle med seg fin påskepynt heimatt.

Sist, men ikkje minst, så har vi sjølvsagt kosa masse med kyllingane våra. No har vi hatt dei på avdelinga i tre veker, og har begynt å bli store. Idag er det siste dagen deira her i barnehagen, for no er dei klare til å flytte vidare til Krogsætra. Vi håpar dei får eit langt og fint liv vidare der, og gledar oss til å besøke dei igjen seinare!

GOD PÅSKE TIL ALLE!








torsdag 12. mars 2015

Påske forming Blåklokka

Barna fekk klippe opp farga plastibitar, og limte det på ein transparent med  bilde av eit kors

konsentrerte små barnehender

Oi, så spennende å sjå gjennom grønn plast


Fine kors til å henge på vindauget

Gjennom rike erfariner med kunst, kultur og estetikk vil barn få et mangfold av muligheter for sansing, opplevelse,
eksperimentering, skapende virksomhet, tenking og kommunikasjon.
Barn skaper sin egen kultur fra egne opplevelser - Rammeplanen

onsdag 11. mars 2015

Friskus: Endeleg kom kylligane!

No har egga våre vore 21 dagar i rugemaskina, og igår starta det endelig å skje noko inni der. I løpet av gårsdagen kom det fem små kyllingar, og når vi kom i barnehagen igjen idag var det plutseleg 15 kyllingar i rugemaskina. Det var stor stas for både store og små i heile barnehagen! Litt kjedelig at dei kom akkurat på planleggingsdagen vår, da barnehagen var stengt, men heldigvis var det nokon egg som venta til idag også. I løpet av barnehagedagen idag har det komt 2 kyllingar til, så no er det totalt 17 kyllingar som har klekt og berre tre egg igjen i rugemaskina. To av dei kan vi sjå at det er hol i, og vi er veldig spent på det aller siste egget. Skal tru om det er nokon i det og?

Dei ansatte på avdelinga var innom fleire gongar iløpet av dagen igår, for å sjekke alt stod bra til. Då fekk vi tatt både bilder og filmer, slik at vi kunne vise det til borna dersom dei gjekk glipp av det. Men heldigvis venta nokon til idag og, slik at dei fekk sjå det "live" likevel.

No har vi flytta dei eldste kyllingane over i ei ny kasse, og der skal dei vere heilt fram til påskeferien før dei skal flytte vidare til sin nye heim. Vi gleder oss masse til å få ha dei på avdelinga dei neste ukene, og dei skal heldigvis ikke langt unna når dei skal flyttast heller - så vi skal ikkje sjå vekk fra at vi får reise på besøk til dei seinare i år.








Frå rammeplanen: 

Naturen gir rom for et mangfold av opplevelser og aktiviteter til alle årstider og i all slags vær. Naturen er en kilde til skjønnhetsopplevelse og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barn blir kjent med og får forståelse for planter og dyr, landskap, årstider og vær. Det er et mål at barn skal få en begynnende forståelse av betydningen av en bærekraftig utvikling. I denne inngår kjærlighet til naturen, forståelse for samspillet i naturen og mellom mennesket og naturen.

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna: 
  • Opplever naturen og undring over naturens mangfoldighet
  • Opplever glede ved å ferdes i naturen og får grunnleggende innsikt i natur, miljøvern og samspillet i naturen
  • Får erfaringer med og kunnskaper om dyr og vekster og deres gjensidige avhengighet og betydning for matproduksjon.
  • Lærer å iaktta, undre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomener i den fysiske verdenen.
  • Erfarer hvordan teknikk kan brukes i leken og hverdagslivet.