fredag 25. januar 2013

INTERNASJONAL FORELDREKAFFI I BARNEHAGEN





Torsdag 24 januar inviterte vi inn til internasjonal foreldrekaffi i Tryggheim barnehage. Nærmere 60 foreldre, besteforeldre og søsken kom innom denne ettermiddagen:-)
Foreldra kom med maten, og det vart eit internasjonalt preg over den. Til dømes fekk vi smake "san busa" frå Somalia, "snacks m/ reker" frå Korea, "faworki" frå Polen, "bam - i" frå Filipinene, "engira" og "zigni" frå Eritrea, "keseri" frå Sri Lanka, mat frå Burma, "steikte nudler", "tomategg" og "kylling" frå Taiwan. I tillegg hadde vi lefser, sveler, forskjellege kaker, mør og fårerull frå Noreg. Det lukta heilt herleg i heile barnehagen, og det var mykje spennande å smake for både liten og stor:-)
Etter nyttår har vi hatt internasjonale veker i barnehagen. Vi har sett på barn som kjem frå ulike deler av verda, og vi har høyrt musikk, sett på ulike rekvisitta og dansa. Vi har sett at vi ser ulike ut alt etter kvar i verda vi kjem frå, men hatt fokus på at vi er like inni oss alle saman, og at alle kan vere venner:-) Vi har lært oss nye songar, både på norsk og engelsk. Dette ville vi vise foreldra, så alle avdelingane hadde kvar sitt lille underhaldningsbidrag på festen:-) Og vi fekk sjå filipinsk dans:-)
Veldig kjekt at så mange tok seg tid til å komme i barnehagen denne ettermiddagen. Slik er vi med på å berike miljøet vårt, knytte nye bånd og la oss bli inspirerte av kvarandre! Ein stor verdi:-)

Vennskapsregla vår i barnehagen: "Ein ring av gull, ein riktig stor, med plass til alle hender. Der ingen er størst, der ingen er minst, der ingen er først, der ingen er sist. Vi holder fast, slik alle kjenner, at ringen er smidd av GODE venner:-)


mandag 21. januar 2013

Internasjonale veker

INTERNASJONALE VEKER PÅ TUSENFRYD:-)

På Tusenfryd har vi konsentrert oss om "barn frå ulike land" og "musikk frå andre land" no når vi har hatt internasjonale veker. Barna har fått studert ulike ansikt og sett at vi kan sjå forskjellege ut alt etter kvar i verda vi kjem frå, men at alle er like inni, og at alle kan vere venner:-) Vi har fått sett filipinsk dans av Lorna, og dansa til musikk frå Taiwan, Scotland og Hellas for å nemne nokre. Vi har fått sett korleis barna har det i barnehagane i Taiwan, ulike rekvisitta frå Kina, og smakt på mat frå ulike land. Skikkeleg spennande. Barna held også på å lære seg to engelske songar som vi skal framføre på den internasjonale foreldrekaffien på torsdag:-) Vi er heldige som har eit stort mangfald i barnehagen, ulike kulturer og tradisjonar som vi kan få ta del i og bli kjent med. Ein kjemperessurs:-)
Mykje song og musikk:-)
VELKOMMEN TIL INTERNASJONAL FORELDREKAFFI PÅ TORSDAG:-)

tirsdag 15. januar 2013

Tur i klatreløypa

Bak barnehagen har vi ei klatreløype laga av gamle bildekk (runde ting ), denne er det populært å få klatre i. Vi f.eks starte i klatreløypa for så å gå videre på tur i skogen, til grillhytta osv. Eller vi kan klatre den opp og ned. Å klatre opp er enkelt, når vi skal gå nedover blir det straks litt vanskeligere :-)
Men, det er såååå gøy å få være med.... Den siste tiden når vi har hatt kaldt vintervær og bakken har vært hard, sanden i sandkassa er nesten umulig å spa i; Da har det vært kjempegøy å gjøre andre ting i skogen. Her er ett bilde av en Blåklokke-gjeng på toppen av klatreløypa... Flott utsikt eller kva??

torsdag 3. januar 2013

Nissefest med barn og foreldre

I starten av desember inviterte vi alle foreldre til utendørs nissefest i barnehagen. Det var nesten 10 minusgrader, men flott vèr. Barnehagen serverte nissegraut, barna sang julesangar og vi gjekk rundt juletreet. Gang rundt juletreet hører sjølvsagt med ein nissefest.
 

I bålhytta fekk ein varme seg på bålet medan ein kosa seg med graut eller ein kaffi, og ein god prat. Vi hadde også bålplass med benkar ute på leikeplassen. 

 Skogsnissen kom også på besøk med ei lita gåve til barna.

onsdag 31. oktober 2012

Oppdatering frå Tusenfryd

 Oppdatering frå Tusenfryd:

Endeleg kan bålet fyrast opp i bålhytta, og den deilege bållukta kan spre seg rundt i barnehagen! Reinsdyrskinn, bål og varm kakao skaper ei god ramme når vi skal ete lunsj, og maten smaker jo også ekstra godt ute i det FRI:-)

Vi har ein kjetting som skal hengast opp og nye bålpanner er kjøpt inn - så vi har mange herlege stunder i vente.... GLEDE.....


Vinteren har komt, og i barnehagen har vi så vidt nok snø til rumpeakebrett. Det synast dei største barna våre er gøy.
Dei minste barna er forsatt på utforskarstadiet. Ikkje alle er like komfortable med det kalde veret. Det er ei tilvenningsfase dette også, og det å bli tilfreds med å bruke votter...
Men tross alt så har vi hatt kjekke dager i snøen - og vi lurer på kor lenge den vil ligge denne gongen. Er hausten over - eller kan vi håpe på nokre fine haustdager til før vinteren gjer sitt innhopp for alvor????
 Vi har baka grove runde rundstykker. Dei eldste barna fekk vere med å bake og forme. Resultatet vart veldig bra - og lunsjen veldig god!


 Trafikkvennen Tarkus er ein populær gjest på Tusenfryd. Han har vore på besøk fleire gongar denne månaden og vorte kjent med barna. Han har fortalt barna og vist dei kor viktig det er at vi bruker refleks i mørket!

Så ei oppfordring til alle: BRUK REFLEKS
Når Tarkus er på besøk vil han gjerne helse på barna, sjølv om han er litt sjernert.
Det er stor stas å få helse på han, seie namnet sitt og visst ein vil så kan ein få gje Tarkus ein liten klem.

Tarkus er jo BARNAS TRAFIKKVENN:-)
 I frileiken skjer det litt forskjellig inne på Tusenfryd. Duplo, puslespel, puttebokser, biler, plastalin, baller, hopp og danseleik er noko av det som skjer der. Vi les bøker og har kjøkkenleik for å nemne noko....

På biletet held barna på med klosser. Høge tårn blir bygd, før dei til slutt raser sammen. Og klossane har ulike fargar og former som vi kan studere...

Det blå bordet og dei små stolane er ei nyinvestering på avdelinga. Det er vi veldig glade for:-)






tirsdag 23. oktober 2012

Blåklokka- Raud gruppe malar haustbilete

Fredag før helga fekk gul gruppe ha ein formingsaktivitet. Vi hadde plukket blader dagen før, som låg og tørket over natta. Desse skulle vi bruke fredagen. Barna fekk først male. Dei mala himmel, gress og trær. Når dette hadde tørket litt, tok vi fram limen og barna fekk lime på blader. Dette vart då eit haustbilete. Blada flaug i lufta og hang fargerike på treda, akkuratt slik som ute :-)



                            
                         

 
 
 
 

                                       Det vart mange fine haust bilder :-)

onsdag 17. oktober 2012

Uke 41 hadde vi bakedag.Synnøve laga god grov bolledeig som ikkje kleima på hendene.Det vart mange runde sirkel-bollar.
Nokre born ville smake på rå deig,men det var best med stekte bollar.
Alle barna åt fleire bollar kvar og blei god og mette.



Vi hadde so mykje at vi åt bollar til 2.måltidet også m.kakao til.Det smakte godt ute i den kalde fine høstlufta.
Artig med kastanjenøtter og hasselnøtter fra Polen.Ewa hadde plukka med seg i sommer og dei var veldig fine og gode å ta på.
Vi laga forskjellige dyr av dei:sau,giraff,katt og fantasidyr.
Det var fine og runde,sirkel- nøtter.Vi tellte dei og la dei i mengder og kategorier.
Ewa fortalte at i polen er det vanlig at barna i barnehagen lager slike dyr.Artig og ny oktoberaktivitet!





fredag 5. oktober 2012

Oppsummering frå oss på Tusenfryd


 Ei lita oppsummering frå oss på Tusenfryd:

Vi har ei herleg barnegruppe, fulle av liv og glede. Vi legg vekt på mykje song, både i små grupper og i det store fellesskapet. Barna uttrykker stor glede og engasjement:-)

Herlege frydefulle "kviin", og ein rocka kropp forteller oss at musikken er viktige for dei små barna.



Vi legg stor vekt på gruppedeling, både innanfor tema, turar og måltid. Den nye bålhytta har blitt trottig brukt av oss. Den er vi veldig takknemlege for. Bålgryta og steiketakka er kjøpt inn - vi gleder oss til bålplassen i bålhytta blir ferdig.... Det blir spennande...

Men ikkje nok med bålhytta, så har vi ein lavvo som er lett å sette opp... Her nyt vi fruktmåltidet, og ein god varm kopp med kakao i lavvoen. Vi syng saman og har rim / regler.... Det er faktisk nesten ligg "magisk" å vere inne i lavvoen...


Og barnehagen har eit fantastisk område vi kan utforske. Kvar veke legg vi opp til fleire turar i skogen for ei lita gruppe. Her er det klatresteinen som blir testa ut. Her klatrer vi og siler, hopper og tester grenser....
For å komme dit må vi forbi krokodilledammen - og her er det alltid spennande å sjå om den er heime i dag....
Barna må boltre seg fram i ulent terreng. Vi trener grovmotorikken....




Vatn er spennande, og ein skikkeleg gjørmedam kan vi ikkje gå rett forbi.... Den må prøvast ut...

Ein dag var målet til den vaksne å sjå etter haustteikn - men oppdaga snart at det var vatnet barna var opptatt av... Ja, så til større dammer vi fant - til kjekkare var det:-)

Slik er livet i barnehagen... og det vart ein kjekke tur altså....




Her er det bilete frå ei av songstundene våra.

"Lille bukkene Bruse som trippar over trollebru..."

Vi bruker mykje revisitta og bordteater saman med barna.


3-års gruppa på tur :-)

Onsdag var tre års gruppa på tur til grillhytta. Denne gruppa består av dei minste på blåklokka, og dei største på Tusenfryd. Barna blir då like gamle nemli 3 år, og dei har noko felles. Dette viser seg godt når dei går saman på tur. Dei blir alle omtrent på same nivå, og det å vere saman med andre blir enda kjekkare.  
Her leiter vi etter blad som vi skal ha med oss ned igjen til barnehagen. Dei skal vi bruke til å male på å lage fine haust bilder.
Vi må kose oss litt ekstra når vi er ute på tur :-)