Den siste dagen før den store dagen så brukar vi å samle oss for å gå i tog i gatene bortanfor oss. I år var det flott korpsmusikk (frå CD), mange rytmeinstrument og flagg i toget. Vi lagde virkelig lyd og liv der vi gjekk, og kjempekjekt var det at nokre stod på verandaen eller i hagen og vinka tilbake :-)
Vi fekk ny fane i fjor, den var sydd av Eva som jobba her for nokre år sidan! Er den ikkje flott?
Gerd, Kristin og Laila hadde ein liten musikalsk oppvisning :-)
Kos i bålhytta.....
Vi gjekk både i Nedrehjellen og Øvrehjellen, for deretter å vende tilbake til barnehagen for mat. For første gong feira vi med pølsefest i bålhytta vår, den var ekstra fint pynta med girlander, bjørk og flagg :-)
Pølser med brød, frukt- og grønnsaks-fat og is på toppen var populær og god mat etter ein lang 17.mai marsj :-)
Jenkadans v/ Wei Lin var spennende...
Etter måltidet var det tid for søvn for nokre, dei som ikkje sov fekk bryne seg på nokre konkurranser... Det var potetløp, bowling og sykkel-løp...
Borna fekk springe i mellom og velge sjølv. Nokre syns det var ekstra stas med sykkel-løp :-)
Morro når borna står og hoppar og dirrar mens dei seier "sykkel-løp er berre såååååå gøy" :-)
Været viste seg også frå si beste side, hærlig med solskinn og vårvind!
Her er det nokre karar som prøver seg på potetløp, spennande og utfordrande!
Sykkelløp er gøy :-)
Bowling var kjempegøy!!
Vi i Tryggheim barnehage ynskjer alle ein flott 17.mai og ei riktig god pinse!!