Endeleg kom det gravemaskin og lastebil for utgraving av tomt før bygginga av småbarnsavdelingane kan starte. Det er spennande å følge med frå vindauget, og barna samtalar og har mange tankar rundt det som skjer.
Det er sett opp gjerde rundt heile byggeområdet, slik barna kan leike trygt når dei er ute.