No er det nye barnehageåret i full gang, og i år skal vi arbeide med fagområdet "Kunst, kultur og kreativitet". På Friskus er vi godt i gang med fagområdet allereie, og vi gler oss til å arbeide vidare med det!
«Barnehagen
må gi barna høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykkje seg
estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles,
bidreg til samhøyrsle. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar.
Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til
sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og
kommunikasjon. Fagområdet gjeld uttrykksformer som biletkunst og kunsthanverk,
musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design. Kunst- og
kulturformidling gjer at barna blir fortrulege med og føler tilhøyrsle til
kulturelle uttrykksformer.» Rammeplanen om Kunst, kultur og kreativitet.
Barn i barnehagen har
rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal
jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av
barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med
dets alder og modenhet.
(Barnehageloven § 3 Barns rett til medvirkning)
(Barnehageloven § 3 Barns rett til medvirkning)
Vi lager blåbærmuffins! |
"Mmm", dei vart veldig gode! |
Vi har også jobba med å teikne sjølvportrett!
Flotte sjølvportrett! |
Vi har også jobba litt med LandArt, ei kunstform der ein bruker det ein
finn i naturen og sett det saman til former og installasjonar. Det syns
dei var veldig kjekt, og vi kjem nok til å lage "LandArt-kunstverk"
fleire gongar framover!