Idag har det vore Nissefest i barnehagen. Både barn og vaksne var utkledd som nissar, og vi har kosa oss med felles samling. Der sang vi julesongar og personalet i barnehagen hadde øvd inn ei dramatisering som dei viste fram. Det var eventyret "Skinnvotten". Barna syns det var kjekt å sjå at dei vaksne var utkledd som forskjellige dyr og levde seg inn i eventyret.
Etter samlinga var det felles lunsj med nissegraut og saft, og plutselig dukka sjølvaste julenissen opp. Han hadde med seg ein stor sekk, og i den var det godteposar til alle. Alle saman venta spent på at det var deira tur til å bli ropt opp, og var flinke til å takke fint for gåva fra nissen. Mange ville også gi nissen ein god klem, og hadde mykje å fortelje.
Tilslutt avslutta vi nissefesten med julespelet til Friskus, før vi gjekk rundt juletreet og song julesongar.
|
Personalet spelte eventyret "Skinnvotten", her er mannen ute å lufter hunden sin, då han mista votten som alle dyra ville bo i. |
|
Alle barna følger spent med. |
|
Sjå kven som kom! |
|
Takkar fint for godteposen! |
|
Ein god klem! |
|
Frå julespelet til Friskus. Gjetarane varmar seg på bålet, mens dei tre vise menn på besøk hjå Josef, Maria og Jesusbarnet. |
|
Vi gjeng rundt juletreet |