onsdag 27. april 2016

Foreldremøte om Trafikk og barn i bil

På måndag hadde vi foreldremøte, der temaet var Sikring av barn i bil. Då var vi så heldige at vi fekk besøk av politiet, som fortalte om kor viktig det er med skikkelig bilsikring og det å vere i forkant. Bruk god tid og tilpass farta etter både fartsgrense og forhald. Ha all fokus på trafikken, ikkje bruk telefon eller liknande mens du køyrer.
 
Når de leverer og henter barna i barnehagen, så ber vi om at alle slakkar ned farta utanfor barnehageområdet og på parkeringsplassen. La aldri bilen stå å gå på tomgang eller med nøklane i. Plutselig kan eit barn få bilen i bevegelse og det kan skje ulykker.


Sikrig av barn i bil:
- Barn bør sikrast bakovervendt så lenge som mogleg, helst 4 år.
- Det er påbudt å sikre alle barn med godkjent barnesete til dei er minst
135 cm høge eller over 36 kg tunge.
- Ha ALDRI beltet under armen eller bak halsen. Husk å stramme beltet godt.

Laila viste fram vår gode venn Tarkus. Han blir mykje brukt i barnehagen, og er barnas eigen trafikkvenn. Tarkus er ei hånddukke som blir brukt for å lære barna om trafikk og sikkerhet.

 Lengre ned i innlegget er det lagt ved tre filmer som blei vist på foreldremøtet.
 

Tarkus er veldig sjenert, men han kom no fram og helste på alle dei "skumle" framande som var på møtet ;-)
 
 





tirsdag 19. april 2016

Extra heldige med lunsjen vår idag :-)

Tidlig idag kunne dei som satt på kjøkkenet og spiste frukost følge med på Grethe som satte deig. Bakedag i barnehagen idag, og etterkvart kjende vi den deilige lufta av nysteikte rundstykker i heile barnehagen. Gjett om vi begynte å kjenne at det nærma seg tid for mat :-)
 
Haugen på kjøkkenbenken vokste og alle fekk smake. God matlyst på alle idag :-)

 
Sunt og godt, med grove rundstykker m/ ost, skinke, kyllingpostei og grønnsaker.
Ser ikkje det godt ut vel??

fredag 1. april 2016

Kunstverk i barnehage

I barnehagen vår er vi så heldig å ha en ekte kunstner som jobbar  her.
Vi syns vi er kjempeheldige som berre kan spørre Ewa om ho kan male noko, og så kjem det nydelige bilder opp på veggane :-)
Ho har tidligare mala Karstein og Petra inne på Blåklokka sin vennskapsbenk! Og no er det nokre andre "kjendisar" som har fått plass på veggane våre inne på Skogstjerna. Etterkvart vil det og komme fleire kjente figurar inne på Tiriltunga. Det vert spennande å sjå kven som dukkar opp der :-)





Denne vesle krabaten er ein av mange
små detaljer på maleriet :-)

Ein nydelig liten sommarfugl
      





Denne artige augenstikkaren flyg også på veggen :-)

OJJJ.... Kven er dette???

Ewa i full sving med malarpenselen. Ewa kjem opprinnelig frå Polen
og har kunstlærarutdanning derifrå.Ho arbeider i barnehagen som assistent
og vikar på fleire av avdelingane.

Heisann, Tigergutt var det som hadde den vesle åma på halen sin :-)

To gode vener slappar av saman.

"Hvilken dag er det? sa Ole Brumm.
Det er idag,sa Nasse Nøff.
Min favorittdag, sa Ole Brumm"

BZZZZZ..... Kom gjerne innom og sjå heile maleriet vårt.
Der er meir enn det som er vist fram på bloggen her.

GOD HELG!

fredag 18. mars 2016

Friskus laga påskehage ute

 
I dag har Friskusane vore på tur for å lage påskehage ute :)
 
Alle fekk vere med på å finne material ute som vi skulle bruke til påskehagen. Dei samla steinar, mose, kvistar og så vidare.
 
Vi ønsker dere alle ei fin og god påske!
 
 
 

torsdag 17. mars 2016

Påskesamling for dei minste

På Skogstjerna og Tiriltunga har vi hatt samling der vi har fortalt om når Jesus døde på korset i påska. Det vert fortalt heilt enkelt med vektlegging på 1.påskedag då han stod oppatt frå grava. Det har vorte laga ein flott påskehage som vi tok med oss ut idag og hadde samlingsstunda ute.
Vi syng ilag, og fortel om påskeevangeliet.

Her er eit nærbilde av påskehagen, kom gjerne inn og sjå på den.

Uten mat og drikke....
Det er ein kunst å ete maten ute, ikkje alltid like enkelt å unngå å få gras/sand på. Men med øvelse så går det mykje betre no enn første gongane vi hadde måltid ute. Den skal tidlig krøkes som god friluftsmann/dame skal bli :-)

Påskefrukost

Idag, på torsdag 17.mars, var foreldre og søsken invitert på påskefrukost i barnehagen. Når klokka nærma seg 7.30 stod Grethe klar med deilig frukost.
I dagane før så hadde det vorte baka rundstykker og det var pynta litt ekstra til å ta imot besøk. Det er veldig kjekt at det er så mange som tek seg tid til å være i barnehagen ei lita stund ilag med borna.

Kjekt for både barn og foreldre med påskefrukost.
Her var mykje godt å velge imellom :-)

Dei største borna er flinke å smøre på maten sin sjølve!

Mange på besøk :-)

Mor & sønn kosar seg ilag på frukost!
 
Vi i barnehagen takkar alle som hadde anledning å kome til påskefrukost! Det er alltid kjekt å få snakke litt med dokke, og være i lag! Ei riktig god påske ønskes både barn og voksne!

GOD PÅSKE!!
 



NLM-BARNEHAGENE AS
Tryggheim barnehage, Brattvåg:
“Ekte glede på sikker grunn”


Desse stillingane er ledig:
100 % fast stilling som Pedagogisk leiar frå 1.8.2016
100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 1.8.2016

Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM-barnehagene AS. 
Barnehagen blir dreven med kristent formål. Vi ynskjer at den som blir tilsett skal ha eit kristent livssyn, og arbeide lojalt mot NLM's verdigrunnlag, vedtekter og instrukser.  Den som vert tilsett, må legge fram politiattest.

Barnehagen er medlem i PBL, og følgjer deira tariff.

Barnehagen har 5 avdelingar, og har vore igjennom stor påbygging og ombygging i 2015 og har no fått store og gode lokale med fellesrom m/scene. Barnehagen har også kjøkkenassistent.

Den som søkjer må ha godkjent barnehagelærarutdanning.
Vi kan tilby ein flott arbeidsplass i utvikling,  med ei flott personalgruppe og leiarteam.

For meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar Trine M. Hestetun på tlf: 95830144


Søknad med cv, vitnemål og attestar sendast til:
NLM-barnehagene AS
Avd Tryggheim barnehage Brattvåg
Øvrehjellen 1
6270 Brattvåg

Søknadsfrist:  1. april 2016.


torsdag 10. mars 2016

Ut på tur, aldri sur!

Idag har dei eldste borna på Skogstjerna og Tiriltunga vore på tur i skogen bakom barnehagen. Vi hadde med oss mat og kakao i sekkane våre, og la i veg i deilig vårsol. Oppe i skogen bak barnehagen ligg "Lykkeland", der sette vi frå oss sekkane. Nokre av borna ville være med å klatre i "dekkløypa", den er ei god utfordring for små føter... Det er litt langt oppover og ganske bratt, men med ei vaksenhand til støtte så var det fleire som kom seg opp :-)
Rammeplanen seier: "Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar..." og vidare står det at "barnehagen skal bidra til at barna opplever glede ved å ferdast i naturen..." Då seier rammeplanen vidare at for å nå desse måla må personalet blandt anna "...og stimulere dei til å oppleve med alle sansar, observere og undre seg..." og "inkludere friluftsaktivitetar og uteleik i barnehagekvardagen"Tenk for ei glede å kunne sitje å nyte utsikta frå toppen av "fjellet". Her kjem nokre bilder frå turen idag.

 Her er vi på veg opp til dekkløypa vår, borna på tur idag er 2+
og det passar godt for også denne aldersgruppa å klatre her.


Kjekt å klatre!

Planlegg vidare strategi, korleis skal vi komme oss opp?
Vi snakkar om å holde fast i tauet og løfte fotane :-)

På toppen kunne vi glede oss over flott utsikt!
 Her sitt vi og pratar om det vi ser...

I vår barnehage har vi faste bibelforteljingar, idag hadde vi med Bibelen ut på tur og hadde samlinga ute. Vi fekk høre om når Jesus reid opp til Jerusalem på palmesøndag. I rammeplanen står det, "Barnehagen skal..., samtidig som han skal ta med seg verdiar og tradisjonar frå den kristne kulturarven."  Det står vidare at borna skal  "få kjennskap til kristne tradisjonar og høgtider."
Det å ha samling ute på tur er veldig kjekt både for store og små.

Uten mat og drikke, duger helten ikkje :-)
Vi har kjøkkenassistent i barnehagen vår og ho lagar alt til måltida i barnehagen ,
idag hadde ho kokt kakao til oss som skulle på tur :-)

Vi avslutta turen vår med litt aking i ei lita
skråning vi fant i nærheten! Kjempeartig å skli på snøen.


Påskeforming

PÅSKEFORMING

På dei minste avdelingane har vi dei siste vekene halde på med å lage litt påskepynt. Borna har fått male og tegne. Dei har fått erfaring med ulike materialer, vi har mala på yougurtbeger, fargelagt med tusj og farga med fargeblyant. Dei er ivrige og vil gjerne være med å lage ting og tang. Dette vert sendt heim til jul, og mange kan gle seg over fin påskepynt :-)
 
 
Her fargar vi påskeegg med tusj.
 
 
 
Her er det sprellemenn som får farge på seg.
 

tirsdag 1. mars 2016

Barnehagedagen på Friskus :)

BARNEHAGEDAGEN 2016 - LES HØGT FOR MEG!

Ei god språkutvikling har betydning for barnets liv her og no og for barnets muligheit i framtida. Språklege ferdigheiter er viktig for:


- kommunikasjon

- utvikling av vennskap

- deltakelse i lek

- opplevelsar og læring

- å skape eit godt grunnlag for seinare lese- og skrivemeistring i skulen.


 
På friskus henta vi oss mange bøker frå bokverden der barna fekk bla i og sjå på bilder,
 både kvar for seg og ilag med andre.

Barna hadde gode samtalar og diskusjonar rundt det dei såg i bøkene - Rammeplanen seier:
Å samtale om opplevelser, tanker og følelser er nødvendig for utvikling av et rikt språk.


Etter ei stund teikna vi oss sjølv når vi leste bok, eller teikna noko frå ei bok vi hadde sett i. I rammeplanen stend det at å få varierte og rike erfaringar er avgjerande for å forstå begreper.

Desse to var veldig fasinert av eit bilde av ein munn og korleis det ser ut der alle tennene er - dette valgte dei å samarbeide å teikne utifrå, spennande!

Under måltidet hadde vi høgtlesing frå denne boka: Det var ein gong ei mamma og ein pappa!!