fredag 2. september 2016

Kreative kunstnare på Friskus!

No er det nye barnehageåret i full gang, og i år skal vi arbeide med fagområdet "Kunst, kultur og kreativitet". På Friskus er vi godt i gang med fagområdet allereie, og vi gler oss til å arbeide vidare med det! 

«Barnehagen må gi barna høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Fagområdet gjeld uttrykksformer som biletkunst og kunsthanverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design. Kunst- og kulturformidling gjer at barna blir fortrulege med og føler tilhøyrsle til kulturelle uttrykksformer.» Rammeplanen om Kunst, kultur og kreativitet.

Vi har vore på tur til Håvikdemma, og på vei dit såg vi så mykje blåbær! Vi plukka rikeleg, og ungane hadde veldig lyst til å bruke blåbæra til å lage blåbærmuffins. Så neste dag vart det blåbærmuffins på planen! 



Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet.
(Barnehageloven § 3 Barns rett til medvirkning)


Vi lager blåbærmuffins!
"Mmm", dei vart veldig gode!
 Vi har også jobba med å teikne sjølvportrett!
Flotte sjølvportrett!

Vi har også jobba litt med LandArt, ei kunstform der ein bruker det ein finn i naturen og sett det saman til former og installasjonar. Det syns dei var veldig kjekt, og vi kjem nok til å lage "LandArt-kunstverk" fleire gongar framover!





torsdag 7. juli 2016

Nye veggmaleri

På Tiriltunga har det dei siste vekene kommet nokre nye "venner" på veggane :-)

Bambi, Trampe, Stinkdyret og fleire andre, kunstnaren også denne gongen er Ewa.
Ho har brukt mange timar på å male, men så vert det nydelige bilder også :-)

 
På eine veggen har vi eit bord som ofte er oppslått.
Når dette vert slått ned åpenbarer det seg mange flotte sangfuglar
og sommerfuglar :-) Ein flott overraskelse!

 
Bambi og Trampe er gode venner :-)
 
 
 
Stinkdyret Blomst likar sååå godt å lukte på blomster,
derfor har fått det fine navnet sitt.
Han brukar å være midt uti blomsterenga, der likar han seg best...

                            Alle er hjertelig velkomne til å kome innom for å kikke dersom dei vil!
                                                                GOD SOMMER!

SOMMARFEST

I barnehagen vår har vi tradisjon for å ha ein sommarfest for alle barna i barnehagen.
Den dagen får alle tilbud å komme den tida festen er, sjølv om dei ikkje har barnehagedag.
Alle gleder seg, og det er gjerne knytta litt spenning til dagen og innhaldet. I år var det
fiskekonkurranse i leikehytta på dei minste sin leikeplass...
Og eg trur alle fekk "fisk"... Den smakte godt :-)

 
Her fiskes det av både små og store :-)
 
Etterpå var det sporløp i skogen, med mange poster.
Her var ulike spørsmål å svare på.



 
Grethe hadde laga pizzasnurrar til alle sammen, og som seg hør og bør når
det er fest så var det fint pynta på borda :-)

 
Godt med mat og drikke når ein har vore på sporløp og konkurranser.

 
På sommarfesten har vi brukt å ha skattejakt, og kartet vart studert nøye
før dei gjekk på skattejakten... I sandkassa fant vi ein spennande pakke
som var gravd ned.

 
Her har vi akkurat gravd opp pakken, kjekt med gullmyntar!

torsdag 30. juni 2016

Friskusane har hatt besøk frå Klippfiskakademiet

Kokk på hjul!:)
Torsdag hadde vi besøk frå klippfiskakademiet i Ålesund. Alle fekk utdelt kvar sitt smaksbeger, og smake på ulike smakar: Potetskruar, gulrot - kokt og rå, sjokolade, sitron, grapefrukt. 


Det var veldig spennande for kvar ting dei skulle smake på, noko var veldig surt, andre ting var søtt, noko var mjukt og noko var hardt. 
Mål: Vi vil vise barna hvor fiskekaken kommer fra! Vi ønsker å bidra til at barn setter pris på de norske og bærekraftige råvarene, de naturlige smakene og den norske matkulturen. Fokus er også på ernæring og helse sett i sammenheng med læring og sosial fungering. Det å la barna bli kjent med smaker fra eget lokalmiljø vil samtidig styrke deres lokale tilhørighet og bevissthet om egen identitet. Vi ønsker å øke bevisstheten og kunnskapen til barna om smak, ernæring og identitet. Maten du spiser sier noe om hvem du er og hvor du kommer fra.


Tusen takk for gåva vi fekk :)


Innhold: 
 Begreper: Alle de fem sansene våre (syn, hørsel, lukt, følelser med mest vekt på smakssansene), konsistens, varm/kald, hel/halv/dobbel, telling, vekt og størrelsesordener, kokt, stekt, rå 
 Filetering av fisk og lage fiskekaker 
 Smaking av sitron, spekemat, sjokolade, bringebær, grapefrukt, gulrot, rå, kokt og som mos. 
 Seanse med 4-5 luktebegere



torsdag 19. mai 2016

Overnatting i barnehagen for Friskusane :)

Endeleg var nedtellinga over og dagen for overnatting i barnehagen var her. Barna møtte opp med soveposer/dyne, pute, kosebamser i alle variantar, liggeunderlag, nokre sommarfuglar i magen og var klar for ei natt i barnehagen:) 
Vi starta med pizza og brus/saft på fellesrommet, ein kan mildt sagt seie at barna var heilt opp under taket sjølv om dei også verka veldig spente! 
Vi hadde deretter på oss støvlar for å leite etter skatten i skattejakta. 

Alle borna fekk kvar sitt skattekart, måtte starte på trappa på friskus og opp i skogen for å leite. 




..... Å skatten fann dei fort! Alle var ivrig i leitinga og veldig spent på kva som var i eska som var pakka godt inn i sølvpapir. Vi sprang ned igjen på fellesrommet for å åpne




Deretter var det tid for film og snacks. 
Alle ville legge seg når filmen var ferdig, dei gjekk ein og ein på badet og fann deretter soveposen/dyna si! Og korti dei søvna............ det snakka ikkje vi om, det viktigaste er at dei har fått ein opplevelse dei vil leve lenge på.


No ligg dei vertfall djupt inn i drøymeland.... :)

mandag 9. mai 2016

FRISKUS PÅ TUR TIL ATLANTERHAVSPARKEN

Onsdag kom endelig dagen vi venta på no så lenge, turen vi skulle på til Atlanterhavsparken. 
Vi tok bussen frå Brattvågen og til Hamsundet, der videre til Ålesund med hurtigbåten. Nå vi kom til byen stod det ein maksitaxi som kjørte oss opp på akvariet.
Når vi kom til akvariumet stod det ein mann å venta på oss, han fortalte oss om fleire kjente fiskesortar og vi fekk kjenne på skarpe haitenner. 
Vi fekk vere med på disseksjon av ein torsk - ein opplevelse for både små og store!



Nokken var skikkelig tøff og modig, holdt ein hummer!
Vi såg etter selane, men dei gøymte seg godt..



Her var det mating av fiskane i det store akvariumet og dykkeren var spennande!

Vi fiska etter krabber, noko fekk meir napp enn andre:)



Til slutt fekk vi litt tid til å leike ute før vi kjøpte oss is og tok bussen heim til Brattvågen :)

BARNEHAGEDAG PÅ VESTNES FOR FRISKUS

Tirsdag 3 mai reiste vi på lang busstur, heilt til Vestnes for å vere med på barnehagedag på Vestheim. Vi fekk vere med på andakt og lærte oss ein ny sang, vi fekk vere med på misjonsvandring til Kina, Bolivia og Etiopia. Vi var med på sporløp med mange artige postar. Veldig spennande! 

På misjonsvandringa satte vi oss på flyet til Kina først

Så tok vi flyet videre til Etiopia

Artig å få prøve og sjå klede frå andre land. 

Frå Etiopia fekk vi sjå nokre instrument, her er ei tromme. 

På sporløpet vi fekk vere med på var det mange artige postar:

Her skulle vi telle kor mange såpeboble heile laget klarte å blåse tilsaman. Vi klarte 228 stk tilsaman:)

Her skulle vi frakte vatn med t skjei, og måle opp til slutt kor mykje heile laget hadde samla opp. 

På denne posten var det mykje forskjellig opp i ei kasse, der barna skulle kjenne på og gjette kva det var for noko. Dei var kjempeflink ! 
Før vi satte oss i bussen for å reise heim, kom Linkus på besøk og delte ut leirbevis til alle barna.:)


FRISKUSANE PÅ TUR TIL VATNE 

Måndag 2 mai satte vi oss på bussen og reiste på besøk til Tryggheim barnehage på Vatne. Der fekk vi vere med førskulegruppa på tur til Gurinesbukta der vi hadde rebus og grilla. På slutten rakk vi å leike litt på barnehagen før vi tok bussen tilbake. 
Vi grilla vennepølse, 2 stk samarbeida når vi grilla pølse. 

Vatnegjengen hadde laga rebus, vi delte i blanda lag og gjekk rundt i skogen på ulike postar og samarbeidde for å finne svaret:) Det handla om ulike fiskar, fuglar, kjente disney figurar o.l. 

Alle syns det var artig å få leike seg på ein heilt ny plass, nede ved vatnet og oppe i skogen.