Fysikkeksperiment er gøy! Då kan vi finne ut litt om korleis fysiske lover verkar. Barna får prøve ut sjølve og fundere over kvifor ting fungerer som dei gjer. Vi laga "vulkan" i sandkassa med vatn, eddikk, oppvaskmiddel, konditorfarge og natron. Sjå kva som skjedde!
Øvrehjellen 1, 6270 Brattvåg e-post: tryggheim.brattvag@nlmbhg.no tlf: 70215405
mandag 8. juli 2013
torsdag 20. juni 2013
Sommerfest
I dag har vi hatt den tradisjonelle sommerfesten i barnehagen.
Det er ein flott årleg begivenhet, der vi har ulike sommarleikar, sporløp, skattejakt, og ei høgtideleg avslutning for dei eldste barna som skal starte på skulen og for dei barna som skal vidare i ein annan barnehage.
Å kaste pinne er ein av dei leikane barna får prøve seg på. Her er det viktig med presisjon..... |
Hinderløype er morosamt |
Dei eldste barna fekk utdelt gåver frå ei "ekte" Sølvpute. Tusen takk for den flotte tida i barnehagen, og lykke til vidare på skulen! |
Festmåltid med langbord |
Vi feira med pølse med brød (såklart!), snacks og melon. |
Vi hadde skattejakt med skattekart.... spennande å leite etter skatten.... I skattekista låg det mange gullpengar! |
Det var fiskekonkurranse..... "Håper vi får noko på kroken!". |
Potetløp... Klar - ferdig - gå.... |
Hinderløype |
torsdag 6. juni 2013
Topp innsats på familiedugnad lørdag 25. mai
Mange tre og busker blei også saga ned for å lage eit ryddigare inntrykk. Motorsaga var god å ha! |
Greit å arbeide medan barna leiker/arbeider la med! :-) |
Singelhaugen skulle bli boren på stien opp mot grillhytta vår i skogen, der det var litt våte/gjørmete parti.
Leikenota måtte også fiksast og reparerast. Det var god innsats og nota vart god og fin etterpå. |
Til alle foreldre og barn som stilte på dugnad:
TUSEN TAKK FOR SUPER INNSATS!
fredag 31. mai 2013
Tombola i barnehage
I år som tidligare år satsa vi på å ha tombolaen ute, men sjelden har vi vore så heldige med været som i år :-)
Det var mykje folk og god stemning, det var fullt rundt borda som var pynta med blomster og lys. Og borna hadde laga maleri som foreldra kunne kjøpe til inntekt for misjonsprosjektet i Japan. Her følgjer nokre glimt frå tombolaen...

Mykje folk og god stemning og godt loddsalg...
Frå utstillinga av maleri, her er det Tusenfryd og Blåklokka sine...
...og Friskus sine!
Mange spente barn venter på gevinster...
Og litt mat og drikke må også til...
Tusen takk til alle som bakte deilige kaker!!
Born frå Blåklokka og Tusenfryd underheld med song!
Born frå Friskus hadde eit skuespel som dei hadde forfatta sjølve!
Det var spennande og handla om ein kongefamilie som mista eine dattera si til ei heks... Det gjekk heldigvis bra og prinsessa kom heimatt til slottet :-)
Takk til alle som deltok!!!
torsdag 30. mai 2013
Fjøretur til Helland
Denne gjengen frå Blåklokka hadde ein flott tur i fjøra på Helland.
Der er det lang-grundt og flotte forhold...
Været var upåklagelig, nyyyydelig sol og vi kunne vasse og plaske i vannkanten :-)
Det var mykje spennade å finne i sjøkanten, småfisker og skjell og her har vi funnet ei sjøstjerne...
Men denne krabaten syns vi såg veldig skummel ut, skikkelig blå og full av lange hår. Han prøvde å stikke av ned i sanden, men vi fanga den i ei bøtte så vi fekk studere den litt...
I ettertid har vi funnet ut at den mest sannsynlig er ein børstemakk. Den kjem opp i fjøra på våren for å sverme ;-)
Mykje flott å finne...
torsdag 16. mai 2013
VI FEIRA 17.MAI PÅ FORSKUDD I BARNEHAGEN
Tradisjon tru i Tryggheim barnehage har vi hatt 17.mai feiring på forskudd i dag.
Den siste dagen før den store dagen så brukar vi å samle oss for å gå i tog i gatene bortanfor oss. I år var det flott korpsmusikk (frå CD), mange rytmeinstrument og flagg i toget. Vi lagde virkelig lyd og liv der vi gjekk, og kjempekjekt var det at nokre stod på verandaen eller i hagen og vinka tilbake :-)
Vi fekk ny fane i fjor, den var sydd av Eva som jobba her for nokre år sidan! Er den ikkje flott?
Gerd, Kristin og Laila hadde ein liten musikalsk oppvisning :-)
Kos i bålhytta.....
Vi gjekk både i Nedrehjellen og Øvrehjellen, for deretter å vende tilbake til barnehagen for mat. For første gong feira vi med pølsefest i bålhytta vår, den var ekstra fint pynta med girlander, bjørk og flagg :-)
Pølser med brød, frukt- og grønnsaks-fat og is på toppen var populær og god mat etter ein lang 17.mai marsj :-)
Jenkadans v/ Wei Lin var spennende...
Etter måltidet var det tid for søvn for nokre, dei som ikkje sov fekk bryne seg på nokre konkurranser... Det var potetløp, bowling og sykkel-løp...
Borna fekk springe i mellom og velge sjølv. Nokre syns det var ekstra stas med sykkel-løp :-)
Morro når borna står og hoppar og dirrar mens dei seier "sykkel-løp er berre såååååå gøy" :-)
Været viste seg også frå si beste side, hærlig med solskinn og vårvind!
Her er det nokre karar som prøver seg på potetløp, spennande og utfordrande!
Sykkelløp er gøy :-)
Bowling var kjempegøy!!
Vi i Tryggheim barnehage ynskjer alle ein flott 17.mai og ei riktig god pinse!!

onsdag 17. april 2013
Gravemaskin og lastebil i barnehagen
Spennande dager med gravemaskin og lastebil på besøk i barnehagen.
No skal vi snart få nytt leikeskur i barnehagen. Men først må det gravast, støypast og byggast. Mange spennande dager er på vent. Vi får sikkert besøk av mange lastebiler, betongbil, og vi gleder oss til snekkarane skal komme med alle dei spennande verktøya sine:-)
Vi venter i spenning:-)

Samarbeid i sandkassa
Flotte aprildager med deileg solskinn liker vi:-) Her har vi eit fint samarbeidsprosjekt. Eit stort sandslott held på å ta form. Nokre brukte gravemakine, andre henta sand i store lastebiler, nokre grov menst andre hadde klappejobben med å få sanden komprimert... Kongens folk ringte oss stadig for å høyre korleis vi låg an i bygginga, for snart ville sjølvaste kongen flytte inn:-)
Ikkje verst:-)
Ikkje verst:-)
Tusenfryd koser seg i snøen:-)
Byggeaktivitet i snøen:-)
Det siste snøfallet gav oss gode muligheter for å forme med snøen. Vi bygde til dømes stor snøborg av snøblokker, snømanner og snøsofa.
Alle kosa seg med godt formeleg snø. For dei yngste barna var det vanskeleg å ta seg fram til og begynne med, men snart hadde vi fine stier både hit og dit. Nokre ville gå på ski, andre ville ake. Gøy gøy gøy:-)
Vi bygde snøsofa. Dette vart eit skikkeleg samarbeidsprosjekt. Mykje snø måtte samlast før vi kunne starte med å forme sofaen. Men godt samarbeid er fruktbart, og snart hadde vi ein flott snøsofa vi kunne kvile oss i. Sola strålte, og vi hadde det heilt topp. Gode reindyrsskinn haldt oss tørre og varme på baken. Gode samtaler og mykje song prega den neste timen når vi berre kunne sitte der å slappe av. Fruktmåltidet tok vi sjølvsagt i den nybygde snøsofaen vår:-)
Herlig:-) Flott samarbeidsprosjekt:-)
Fleire fine turar i nærmiljøet hadde vi også desse snødagane. Då gjekk vi turar langs vegen, i byggefeltet og besøkte den gamle leikeplassen i nærområdet. Mykje å sjå på langs vegen, t.d biler, busser, lastebiler og gravemaskiner. Vi trener på å gå på rett side langs vegen, og bruke tid på å kikke til venstre - høgre - venstre før vi skal krysse vegen:-)
"Ride ride ranke - sei meg kvar skal vegen gå?
Bestemor besøk skal få, ride ride ranke:-)"
Abonner på:
Innlegg (Atom)