I dag har dei eldste barna på Tusenfryd vore på tur i skogen. Vi gjekk opp til grillhytta, og hadde eit lite måltid der. På vei opp så fant vi mykje spennande, som rognebær på trea, masse maur på steinane, soppar og sist men ikkje minst; masse spindelvev. Edderkoppane har visst jobba hardt i natt og heile skogen var full i spindelvev. Det viste veldig godt no som det var så vått ute, og barna syntes det var veldig spennande å sjå på!
Når vi kom til grillhytta fekk vi høyre ei historie om ei lita mus som lurte ein rev, mens vi tjuvstarta litt på lunsjen og åt litt frukt. Neste gong tek vi nok med brødskiver og tek heile lunsjen i grillhytta.
Øvrehjellen 1, 6270 Brattvåg e-post: tryggheim.brattvag@nlmbhg.no tlf: 70215405
torsdag 18. september 2014
tirsdag 16. september 2014
Haust aktivitet raud gruppe - Blåklokka
No er det Haust, og kva er
det som skjer med blada på trea no på hausten?
Jo dei går fra grøne blad til å bli ganske så fargerike, i samtale med
barna snakka vi litt om kva fargar det er på haust-blada, Vi printa ut tre
på A3 ark, så måtte barna sjølve pynte trea sine med flotte haust-fargar.
Rammeplanen : Barna skal få utfolde skaparglede, undring, og utforskertrang.
Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medvirkning tilpassa alder og forutsetningar.
onsdag 10. september 2014
Hærlig lunsj
Idet eg gjekk forbi ei av garderobene i går, høyrde eg bak meg; "I dag fekk vi deilig middag... " Det var tydeleg at dagens rett hadde falt i smak...
Tirsdagane er Grethe på kjøkkenet og lager varm lunsj til barna.
I går fekk dei ovnsbakt laks med potet og salat, og ein god saus til.
Før lunsjen vart servert så hadde døra på Blåklokka gått opp og Grethe hadde hørt eit barn som ropte... " Grethe, kjem du ikkje snart med maten, det luktar så godt.."
To sitat frå barnemunn, tydelig at varmrettane fell i smak.
onsdag 3. september 2014
Vannleik på Tusenfryd
I år har vi Natur, Miljø og Teknikk som fagområde i barnehagen, og på Tusenfryd har vi starta med vatn som tema denne månaden. Derfor har vi leika mykje med vatn denne veka, både inne og ute.
I går hadde vi uteleik med vatn. Vi leika oss med spylarslangen; fylte bøtter med vatn, prøvde å ha vann i vannmøllene og fekk sjå at dei snurra rundt og fekk til og med sprute litt på kvar andre. Det var veldig kjekt!
I dag fant vi fram eit badebasseng som vi fylte opp på badet. Der fekk dei eldste barna på Tusenfryd bade og kose seg. Dei plaska og spruta, og det vart vatn utover heile gulve, men dei kosa seg slik!
"La barna bli kjent med vann som en inspirasjon til lek. Ta dem
med til bekker og lag barkebåter. La barna plaske i vanndammene,
la de kjenne på vannet og bli våte (så lenge det er forsvarlig) eller
la de løpe gjennom vannsprederen. Ikke gå inn når det begynner
å regne, det er å frarøve barna timer med morsom, læringsfull og
spennende lek. Bare ved erfaringer med vann blir barna virkelig
kjent med det". - Sitat fra naturfagsenteret.no
med til bekker og lag barkebåter. La barna plaske i vanndammene,
la de kjenne på vannet og bli våte (så lenge det er forsvarlig) eller
la de løpe gjennom vannsprederen. Ikke gå inn når det begynner
å regne, det er å frarøve barna timer med morsom, læringsfull og
spennende lek. Bare ved erfaringer med vann blir barna virkelig
kjent med det". - Sitat fra naturfagsenteret.no
Formingsaktiviteter På Blåklokka
I September har vi om Skogen
På Blåklokka har Raud Gruppe laga seg naturvev.
Gul Gruppe har mala haustfargar på eit Lønneblad
Sjå kor fint avtrykk det blei på arket
På Blåklokka har Raud Gruppe laga seg naturvev.
Gul Gruppe har mala haustfargar på eit Lønneblad
Sjå kor fint avtrykk det blei på arket
fredag 22. august 2014
Friskus på tur til Håvikdemma
I dag har Friskus vore på tur til Håvikdemma. Vi hadde ein kjempeflott tur i fint ver, og alle barna imponerte veldig med kor flinke dei var til å gå! Dei gjekk fint på rekke og hadde ingen problem med å komme seg fram nokon stad! Det lovar godt for turane framover!
Viktig å skrive seg inn i boka, så alle kan sjå at friskusane har vore her! |
Flinke fjellklatrarar! |
torsdag 21. august 2014
Bygging av nye småbarnsavdelinger i gang
Det er sett opp gjerde rundt heile byggeområdet, slik barna kan leike trygt når dei er ute. |
onsdag 25. juni 2014
tirsdag 24. juni 2014
Formingsaktivitet - dyra i skogen
På Tusenfryd har hatt ein formingsaktivitet der vi har laga nokon av dyra vi har i skogen. Det blei klipt ut malar på forhånd, og barna fikk velge kva dyr dei ville lage sjølv. Det blei laga hjort, rev og ekorn. Barna fikk lime på garnrestar på malane.
Det blei en fin formingsaktivitet der vi også fekk med litt meir om naturen - som er fagområdet vårt denne månaden.
Rammeplanen om Kunst, kultur og kreativitet:
Barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar.
Rammeplanen om Natur, miljø og teknikk:
Det er eit mlåå at barna skal få ei gryande forståing av kor viktig ei berekraftig utvikling er. I dette inngår kjærleikk til naturen og forståing for samspelet i naturen og mellom mannesket og naturen
.
Abonner på:
Innlegg (Atom)