torsdag 20. juni 2013

Sommerfest

I dag har vi hatt den tradisjonelle sommerfesten i barnehagen.

 Det er ein flott årleg begivenhet, der vi har ulike sommarleikar, sporløp, skattejakt, og ei høgtideleg avslutning for dei eldste barna som skal starte på skulen og for dei barna som skal vidare i ein annan barnehage.
Å kaste pinne er ein av dei leikane barna får prøve seg på.  Her er det viktig med presisjon.....
Hinderløype er morosamt
Dei eldste barna fekk utdelt gåver frå ei "ekte" Sølvpute. Tusen takk for den flotte tida i barnehagen, og lykke til vidare på skulen!
Festmåltid med langbord
Vi feira med pølse med brød (såklart!), snacks og melon.
Vi hadde skattejakt med skattekart.... spennande å leite etter skatten....  I skattekista låg det mange gullpengar!
Det var fiskekonkurranse..... "Håper vi får noko på kroken!".


Potetløp... Klar - ferdig - gå....
Potetløp.... Her gjeld det å ha tunga beint i munnen.....

Hinderløype
 Tusen takk for eit flott barnehageår! Det har vore spennande og kjekt!

torsdag 6. juni 2013

Topp innsats på familiedugnad lørdag 25. mai

Båten vår skal få fin grøn plen rundt seg. Det har blitt ordna med god drenering, og vi ønsker at det skal bli grønnare omgjevnader for barna. Første trinn var å så i plen, plante bærbusker, eple-, kirsebær-, og pæretre, og nokre andre grønne busker. Både barn og foreldra jobba hardt for å spre utover ein stor moldhaug. 

Mange tre og busker blei også saga ned for å lage eit ryddigare inntrykk. Motorsaga var god å ha!

I lunsjtid tente vi opp grillen, slik at alle fekk grille seg litt mat. Det var mest pølse med brød, men nokre hadde også litt meir avanserte "rettar". Godt å ha ein matbit, samstundes med at foreldra i barnehagen får snakke med kvarandre.


Greit å arbeide medan barna leiker/arbeider la med! :-)   

Singelhaugen skulle bli boren på stien opp mot grillhytta vår i skogen,  der det var litt våte/gjørmete parti.

  
Leikenota måtte også fiksast og reparerast. Det var god innsats og nota vart god og fin etterpå.

Til alle foreldre og barn som stilte på dugnad:
TUSEN TAKK FOR SUPER INNSATS!