torsdag 26. februar 2015

Friskus: Lysing av egga

Idag var det stor spenning på Friskus, når vi endeleg skulle lyse alle egga i rugemaskina, for å sjå om det var kyllingar i dei. Egga har vore 8 dagar i rugemaskina no, så det var på tide å finne ut om dei var befrukta. Da må man lyse eit og eit egg med lommelykt. Og såvidt vi kunne sjå, så var det noko i alle 20 egga våra! 

Det blir spennande å sjå framover. Det tar omtrent 21 dagar før dei er klare for klekking, og no er vi på dag 8. Så vi håpar at rundt den 10. mars har vi mange søte, små kyllingar på avdelinga!




onsdag 25. februar 2015

Ledig plass på småbarnsavdeling frå 1. april

Vi har ledig plass på dei nye småbarnsavdelingane 
frå 1. april for barn i alderen 1-2 år.

Legg inn søknad på haram.kommune.no
 

fredag 20. februar 2015

Spennande prosjekt på Friskus

No er det spennande tider på Friskus.

Vi har fått tak i 20 hønseegg og ei rugemaskin, og håper at det blir til mange skjønne kyllingar før Påske. No har egga vore tre dagar i rugemaskina, og neste uke skal vi lyse egga for å sjå om det begynn å vekse noko inni egget. Det blir spennande! Om det då viser seg at det ikke har skjedd noko enda, så har vi heldigvis enda god nok tid til å få tak i nye egg og få det til før påske.

Følger med på om det er noko forandring i rugekassa.
Vi har funne eit kart over kva som skjer inni egget, slik at det blir lettere for barna å forstå kva som skal skje.
Tenk, slike skal det bli! Vi er veldig spente på kva fargar det blir på kyllingane våre...




torsdag 19. februar 2015

Fysikkforsøk-Blåklokka.

.
FYSIKKEKSPERIMENT.








Dette er gøy:) Vi fyller farga vatn i flasker som vi først har hatt små hull i.Når vi fyller opp,vil trykket av vatnet gjere det slik at det renn ut av hola i ulik styrke og lengde.Hm.det er nesten som vi kan sei at flaska "tisser"lo ungane.

fredag 13. februar 2015

Tema Vatn. Korleis lage skum bilde. (Blåklokka)


Vatn Eksperiment 13.Februar (Blåklokka)


Flyte/Synke eksperiment. Veke 7 (Blåklokka)





Rammeplanen om natur, miljø og teknikk
Gjennom arbeid med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna lærer å iaktta, umdre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomener i den fysiske verdenen.

Karneval 11. Februar ( Blåklokka)


Karneval er ein veldig kjekk dag i barnehagen.

På programmet hadde vi karnevalsangen, der barn og vaksne står i ein ring, og barna får komme fram ein etter ein i ringen for å viser fram kostymet sitt.

Vi dansa Limbo, og holdt på med "katta i sekken".

Då det var måltid, gjekk vi ut og hadde felles måltid i lag med Tusenfryd og Friskus.
Der fekk barna servert pølse med brød, og is til dessert.

Kjekk dag for store og små

onsdag 11. februar 2015

Byggeprosjektet - nokre byggebilder.

Påbygget med 2 småbarnsavdelingar og garderober.
Småbarnsavdelinga Tiriltunga. Her blir det plass til 9 barn alderen 1-2 år.
Avdelinga Skogstjerna blir speilvendt av denne avdelinga.
Del av garderoba til Tiriltunga og Skogstjerna.
Del av fin-garderoba til Blåklokka.

Påbygget med møterom/pauserom.

Del av nytt møterom/pauserom
Del av nytt møterom/pauserom.
















Fellesrommet og kjøkken
I fellesrommet med utsikt mot kjøkkenet.
I fellesrommet mot kjøkken.
Her blir det snart scene og smartboard på veggen:)


 Det nye vognskuret







Styraren sitt kontor under ombygginga - Utstyrt for det meste......


Prosjektet skal vere ferdig til bruk 1. april!!!