onsdag 20. november 2013

Bilder frå Blåklokka ein vinterdag

Den raude gruppa på Blåklokka laga hemmelige skattekister inne, medan den gule gruppa hadde aktivitetar ute. Det var pakkar med lakse- og torskefilèt, gulrot, potet og paprika. Då det var tid for mat, fekk den gule gruppa servert varme skattekister ute i bålhytta, der dei varma seg på bålet og med varm saft. Det var veldig godt!



Dette såg godt ut!

Å lage engel i snøen er spennande. Kjekt å sjå kva avtrykk ein lagar i snøen.





 Litt andre bilete frå Blåklokka:

Språkgruppe med spel. Satsningsområdet vårt er "eit godt språkmiljø".


Vennskapsbenken til Blåklokka med motiv av Karsten og Petra. Det er den eine assistenten vår Ewa som har måla dette flotte biletet.   Karsten og Petra er eit gjennomgåande tema som blir arbeida med for å ha fokus på vennskap og språk.

Besøk frå NLM i barnehagen

Lars Kjetil Emblem frå NLM var på besøk i barnehagen. Han var innom på alle avdelingane for å helse på og bli kjend. Og på Friskus-avdelinga hadde han samling der han fortalde bibelhistoria om den bortkomne sonen. Barna fekk også synge på direkten til Norrøna radio i Ålesund medan han hadde samlinga. Det var skikkeleg spennande! Medan han var på besøk laga barna kyllingwok til lunsj, og Lars Kjetil måtte sjølvsagt hjelpe til med tilberedinga:)

Tusen takk for koseleg besøk, Lars Kjetil!


Turbilder fra Friskus utegruppa

Rett nedanfor barnehagen er det er flott fjøre som Friskusane ofte er på tur til. Her kan dei leite etter krabbar, fange småfisk med hov og samle skjell.

Vatn i bøtta må ein ha, slik at ein er klar til å ta imot krabbar og fisk dersom ein finn noko..... No på hausten er det dessverre ikkje så lett å finne så mykje. Men det gjeld å vere klar dersom det plutseleg dukkar opp noko.


Bål i fjøra høyrer med, og det er alltid godt å varme seg på bålet. Barna spidder pølser på pinne, og kanskje er det også med litt marshmallows av og til.

På tur i Brattvågen. På vegen til sentrum får barna gå forbi skipsverftet, der dei ser alle dei store skipa som blir bygd og kranane som er i sving med å heise på plass ulike båtdelar. Dette er ein av hjørnesteinsbedriftene til Brattvåg, og som det er viktig for barna å få kjennskap til.

På besøk på biblioteket - her er spennande spel å halde på med, og nye, spennande bøker å bla og lese i. Det er alltid kjekt å kome på biblioteket.







Å samle naturmateriale for å lage dekorasjonar er kjekt.

Misjonsprosjektet - barn-hjelper-barn - 2013/2014 - Vest-Afrika

NLM har misjonsprosjekt i Vest-Afrika dette barnehageåret, og barnehagen har derfor 2 misjonsveker der vi har fokus på Vest-Afrika. Barna får høyre korleis barn i Elfenbenskysten har det, og vi samlar inn litt pengar som vi sender inn til prosjektet.  

Litt afrikansk dans høyrer med. Fatou som har språkpraksis i barnehagen, har god erfaring i afrikansk dans frå heimlandet sitt. Og barna er ivrige etter å lære.



Historia frå bibelen om Babels tårn høyrer med. Historia fortel korleis folk begynte å snakke ulike språk.

Barnehagen har barn frå alle verdensdelar, og det er spennande å sjå på jordkloden kor barna eller barna sine foreldre kjem frå.