onsdag 20. november 2013

Besøk frå NLM i barnehagen

Lars Kjetil Emblem frå NLM var på besøk i barnehagen. Han var innom på alle avdelingane for å helse på og bli kjend. Og på Friskus-avdelinga hadde han samling der han fortalde bibelhistoria om den bortkomne sonen. Barna fekk også synge på direkten til Norrøna radio i Ålesund medan han hadde samlinga. Det var skikkeleg spennande! Medan han var på besøk laga barna kyllingwok til lunsj, og Lars Kjetil måtte sjølvsagt hjelpe til med tilberedinga:)

Tusen takk for koseleg besøk, Lars Kjetil!