fredag 25. januar 2013

INTERNASJONAL FORELDREKAFFI I BARNEHAGEN





Torsdag 24 januar inviterte vi inn til internasjonal foreldrekaffi i Tryggheim barnehage. Nærmere 60 foreldre, besteforeldre og søsken kom innom denne ettermiddagen:-)
Foreldra kom med maten, og det vart eit internasjonalt preg over den. Til dømes fekk vi smake "san busa" frå Somalia, "snacks m/ reker" frå Korea, "faworki" frå Polen, "bam - i" frå Filipinene, "engira" og "zigni" frå Eritrea, "keseri" frå Sri Lanka, mat frå Burma, "steikte nudler", "tomategg" og "kylling" frå Taiwan. I tillegg hadde vi lefser, sveler, forskjellege kaker, mør og fårerull frå Noreg. Det lukta heilt herleg i heile barnehagen, og det var mykje spennande å smake for både liten og stor:-)
Etter nyttår har vi hatt internasjonale veker i barnehagen. Vi har sett på barn som kjem frå ulike deler av verda, og vi har høyrt musikk, sett på ulike rekvisitta og dansa. Vi har sett at vi ser ulike ut alt etter kvar i verda vi kjem frå, men hatt fokus på at vi er like inni oss alle saman, og at alle kan vere venner:-) Vi har lært oss nye songar, både på norsk og engelsk. Dette ville vi vise foreldra, så alle avdelingane hadde kvar sitt lille underhaldningsbidrag på festen:-) Og vi fekk sjå filipinsk dans:-)
Veldig kjekt at så mange tok seg tid til å komme i barnehagen denne ettermiddagen. Slik er vi med på å berike miljøet vårt, knytte nye bånd og la oss bli inspirerte av kvarandre! Ein stor verdi:-)

Vennskapsregla vår i barnehagen: "Ein ring av gull, ein riktig stor, med plass til alle hender. Der ingen er størst, der ingen er minst, der ingen er først, der ingen er sist. Vi holder fast, slik alle kjenner, at ringen er smidd av GODE venner:-)


mandag 21. januar 2013

Internasjonale veker

INTERNASJONALE VEKER PÅ TUSENFRYD:-)

På Tusenfryd har vi konsentrert oss om "barn frå ulike land" og "musikk frå andre land" no når vi har hatt internasjonale veker. Barna har fått studert ulike ansikt og sett at vi kan sjå forskjellege ut alt etter kvar i verda vi kjem frå, men at alle er like inni, og at alle kan vere venner:-) Vi har fått sett filipinsk dans av Lorna, og dansa til musikk frå Taiwan, Scotland og Hellas for å nemne nokre. Vi har fått sett korleis barna har det i barnehagane i Taiwan, ulike rekvisitta frå Kina, og smakt på mat frå ulike land. Skikkeleg spennande. Barna held også på å lære seg to engelske songar som vi skal framføre på den internasjonale foreldrekaffien på torsdag:-) Vi er heldige som har eit stort mangfald i barnehagen, ulike kulturer og tradisjonar som vi kan få ta del i og bli kjent med. Ein kjemperessurs:-)
Mykje song og musikk:-)
VELKOMMEN TIL INTERNASJONAL FORELDREKAFFI PÅ TORSDAG:-)

tirsdag 15. januar 2013

Tur i klatreløypa

Bak barnehagen har vi ei klatreløype laga av gamle bildekk (runde ting ), denne er det populært å få klatre i. Vi f.eks starte i klatreløypa for så å gå videre på tur i skogen, til grillhytta osv. Eller vi kan klatre den opp og ned. Å klatre opp er enkelt, når vi skal gå nedover blir det straks litt vanskeligere :-)
Men, det er såååå gøy å få være med.... Den siste tiden når vi har hatt kaldt vintervær og bakken har vært hard, sanden i sandkassa er nesten umulig å spa i; Da har det vært kjempegøy å gjøre andre ting i skogen. Her er ett bilde av en Blåklokke-gjeng på toppen av klatreløypa... Flott utsikt eller kva??

torsdag 3. januar 2013

Nissefest med barn og foreldre

I starten av desember inviterte vi alle foreldre til utendørs nissefest i barnehagen. Det var nesten 10 minusgrader, men flott vèr. Barnehagen serverte nissegraut, barna sang julesangar og vi gjekk rundt juletreet. Gang rundt juletreet hører sjølvsagt med ein nissefest.
 

I bålhytta fekk ein varme seg på bålet medan ein kosa seg med graut eller ein kaffi, og ein god prat. Vi hadde også bålplass med benkar ute på leikeplassen. 

 Skogsnissen kom også på besøk med ei lita gåve til barna.