mandag 21. januar 2013

Internasjonale veker

INTERNASJONALE VEKER PÅ TUSENFRYD:-)

På Tusenfryd har vi konsentrert oss om "barn frå ulike land" og "musikk frå andre land" no når vi har hatt internasjonale veker. Barna har fått studert ulike ansikt og sett at vi kan sjå forskjellege ut alt etter kvar i verda vi kjem frå, men at alle er like inni, og at alle kan vere venner:-) Vi har fått sett filipinsk dans av Lorna, og dansa til musikk frå Taiwan, Scotland og Hellas for å nemne nokre. Vi har fått sett korleis barna har det i barnehagane i Taiwan, ulike rekvisitta frå Kina, og smakt på mat frå ulike land. Skikkeleg spennande. Barna held også på å lære seg to engelske songar som vi skal framføre på den internasjonale foreldrekaffien på torsdag:-) Vi er heldige som har eit stort mangfald i barnehagen, ulike kulturer og tradisjonar som vi kan få ta del i og bli kjent med. Ein kjemperessurs:-)
Mykje song og musikk:-)
VELKOMMEN TIL INTERNASJONAL FORELDREKAFFI PÅ TORSDAG:-)