fredag 25. januar 2013

INTERNASJONAL FORELDREKAFFI I BARNEHAGEN





Torsdag 24 januar inviterte vi inn til internasjonal foreldrekaffi i Tryggheim barnehage. Nærmere 60 foreldre, besteforeldre og søsken kom innom denne ettermiddagen:-)
Foreldra kom med maten, og det vart eit internasjonalt preg over den. Til dømes fekk vi smake "san busa" frå Somalia, "snacks m/ reker" frå Korea, "faworki" frå Polen, "bam - i" frå Filipinene, "engira" og "zigni" frå Eritrea, "keseri" frå Sri Lanka, mat frå Burma, "steikte nudler", "tomategg" og "kylling" frå Taiwan. I tillegg hadde vi lefser, sveler, forskjellege kaker, mør og fårerull frå Noreg. Det lukta heilt herleg i heile barnehagen, og det var mykje spennande å smake for både liten og stor:-)
Etter nyttår har vi hatt internasjonale veker i barnehagen. Vi har sett på barn som kjem frå ulike deler av verda, og vi har høyrt musikk, sett på ulike rekvisitta og dansa. Vi har sett at vi ser ulike ut alt etter kvar i verda vi kjem frå, men hatt fokus på at vi er like inni oss alle saman, og at alle kan vere venner:-) Vi har lært oss nye songar, både på norsk og engelsk. Dette ville vi vise foreldra, så alle avdelingane hadde kvar sitt lille underhaldningsbidrag på festen:-) Og vi fekk sjå filipinsk dans:-)
Veldig kjekt at så mange tok seg tid til å komme i barnehagen denne ettermiddagen. Slik er vi med på å berike miljøet vårt, knytte nye bånd og la oss bli inspirerte av kvarandre! Ein stor verdi:-)

Vennskapsregla vår i barnehagen: "Ein ring av gull, ein riktig stor, med plass til alle hender. Der ingen er størst, der ingen er minst, der ingen er først, der ingen er sist. Vi holder fast, slik alle kjenner, at ringen er smidd av GODE venner:-)