onsdag 20. november 2013

Turbilder fra Friskus utegruppa

Rett nedanfor barnehagen er det er flott fjøre som Friskusane ofte er på tur til. Her kan dei leite etter krabbar, fange småfisk med hov og samle skjell.

Vatn i bøtta må ein ha, slik at ein er klar til å ta imot krabbar og fisk dersom ein finn noko..... No på hausten er det dessverre ikkje så lett å finne så mykje. Men det gjeld å vere klar dersom det plutseleg dukkar opp noko.


Bål i fjøra høyrer med, og det er alltid godt å varme seg på bålet. Barna spidder pølser på pinne, og kanskje er det også med litt marshmallows av og til.

På tur i Brattvågen. På vegen til sentrum får barna gå forbi skipsverftet, der dei ser alle dei store skipa som blir bygd og kranane som er i sving med å heise på plass ulike båtdelar. Dette er ein av hjørnesteinsbedriftene til Brattvåg, og som det er viktig for barna å få kjennskap til.

På besøk på biblioteket - her er spennande spel å halde på med, og nye, spennande bøker å bla og lese i. Det er alltid kjekt å kome på biblioteket.







Å samle naturmateriale for å lage dekorasjonar er kjekt.