torsdag 26. februar 2015

Friskus: Lysing av egga

Idag var det stor spenning på Friskus, når vi endeleg skulle lyse alle egga i rugemaskina, for å sjå om det var kyllingar i dei. Egga har vore 8 dagar i rugemaskina no, så det var på tide å finne ut om dei var befrukta. Da må man lyse eit og eit egg med lommelykt. Og såvidt vi kunne sjå, så var det noko i alle 20 egga våra! 

Det blir spennande å sjå framover. Det tar omtrent 21 dagar før dei er klare for klekking, og no er vi på dag 8. Så vi håpar at rundt den 10. mars har vi mange søte, små kyllingar på avdelinga!