fredag 20. februar 2015

Spennande prosjekt på Friskus

No er det spennande tider på Friskus.

Vi har fått tak i 20 hønseegg og ei rugemaskin, og håper at det blir til mange skjønne kyllingar før Påske. No har egga vore tre dagar i rugemaskina, og neste uke skal vi lyse egga for å sjå om det begynn å vekse noko inni egget. Det blir spennande! Om det då viser seg at det ikke har skjedd noko enda, så har vi heldigvis enda god nok tid til å få tak i nye egg og få det til før påske.

Følger med på om det er noko forandring i rugekassa.
Vi har funne eit kart over kva som skjer inni egget, slik at det blir lettere for barna å forstå kva som skal skje.
Tenk, slike skal det bli! Vi er veldig spente på kva fargar det blir på kyllingane våre...