onsdag 17. april 2013

Tusenfryd koser seg i snøen:-)



 Byggeaktivitet i snøen:-)

Det siste snøfallet gav oss gode muligheter for å forme med snøen. Vi bygde til dømes stor snøborg av snøblokker, snømanner og snøsofa.
Snømannen fekk barna male på, den fekk auge, nase og munn. Til og med ville det eine barnet låne vekk hua si så snømannen skulle bli fin. Det var spennande å male i snøen, og snømannen såg rett fornøgd ut der han stod å kikka på oss:-) Men allereie neste dag     viste han seg frå ei anna side.... Då kjente han at sola ville smelte han bort.... Han blei mindre og mindre - og snart var han borte vekk.... Kun litt farge i snøen kunne fortelje oss at det hadde stått ein flott snømann der litt tidlegare....





            

Mykje uteleik i snøen.
Alle kosa seg med godt formeleg snø. For dei yngste barna var det vanskeleg å ta seg fram til og begynne med, men snart hadde vi fine stier både hit og dit. Nokre ville gå på ski, andre ville ake. Gøy gøy gøy:-)


 Vi bygde snøsofa. Dette vart eit skikkeleg samarbeidsprosjekt. Mykje snø måtte samlast før vi kunne starte med å forme sofaen. Men godt samarbeid er fruktbart, og snart hadde vi ein flott     snøsofa vi kunne kvile oss i. Sola strålte, og vi hadde det heilt topp. Gode reindyrsskinn haldt oss tørre og varme på baken. Gode samtaler og mykje song prega den neste timen når vi berre kunne sitte der å slappe av. Fruktmåltidet tok vi sjølvsagt i den nybygde snøsofaen vår:-)


 Herlig:-) Flott samarbeidsprosjekt:-)

Fleire fine turar i nærmiljøet hadde vi også desse snødagane. Då gjekk vi turar langs vegen, i byggefeltet og besøkte den gamle leikeplassen i nærområdet. Mykje å sjå på langs vegen, t.d biler, busser, lastebiler og gravemaskiner. Vi trener på å gå på rett side langs vegen, og bruke tid på å kikke til venstre - høgre - venstre før vi skal krysse vegen:-)

"Ride ride ranke - sei meg kvar skal vegen gå?
Bestemor besøk skal få, ride ride ranke:-)"