fredag 27. mars 2015

Påskeførebuingar på Friskus!

No er det klart til påske, og vi er ferdige med all påskeførebuing på Friskus.

På onsdag inviterte vi alle foreldre og sysken inn til oss på påskefrukost. Vi hadde baka gode rundstykke og kjøpt inn masse godt pålegg. Påskefrukosten blei veldig vellykka. Litt trangt, men som dei sei: "der det er hjarterom er husrom".

Vi er og ferdige med alle formingsaktivitetane vi skulle ha før påske, og idag får alle med seg fin påskepynt heimatt.

Sist, men ikkje minst, så har vi sjølvsagt kosa masse med kyllingane våra. No har vi hatt dei på avdelinga i tre veker, og har begynt å bli store. Idag er det siste dagen deira her i barnehagen, for no er dei klare til å flytte vidare til Krogsætra. Vi håpar dei får eit langt og fint liv vidare der, og gledar oss til å besøke dei igjen seinare!

GOD PÅSKE TIL ALLE!