fredag 8. mai 2015

Sidan sist på Friskus

No har vi fjøra og livet i sjøen som tema på Friskus, og då er vi sjølvsagt ein del i fjøra. Der kosar vi oss skikkelig, og finn mykje spennande!

På tirsdag var vi på "Barnehageleir" på Vestnes. Det var veldig kjekt! Dei hadde laga til eit skikkelig opplegg der, med blant anna sporløp og misjonsvandring der vi lærte litt om Kina, Etiopia og Bolivia.

Sansekasse, en av postane på sporløpet. Skal tru kva som er i boksa?

Lagarbeid. Om å gjer og samle mest vatn i målebegeret før det hadde gått 2 minutt. Ikkje lett å få med seg så mykje vatn i ei lita skje.
Spennande i fjøra. Her leiter vi etter krabber.




God utsikt fra Håvikdemma