torsdag 7. juli 2016

SOMMARFEST

I barnehagen vår har vi tradisjon for å ha ein sommarfest for alle barna i barnehagen.
Den dagen får alle tilbud å komme den tida festen er, sjølv om dei ikkje har barnehagedag.
Alle gleder seg, og det er gjerne knytta litt spenning til dagen og innhaldet. I år var det
fiskekonkurranse i leikehytta på dei minste sin leikeplass...
Og eg trur alle fekk "fisk"... Den smakte godt :-)

 
Her fiskes det av både små og store :-)
 
Etterpå var det sporløp i skogen, med mange poster.
Her var ulike spørsmål å svare på.



 
Grethe hadde laga pizzasnurrar til alle sammen, og som seg hør og bør når
det er fest så var det fint pynta på borda :-)

 
Godt med mat og drikke når ein har vore på sporløp og konkurranser.

 
På sommarfesten har vi brukt å ha skattejakt, og kartet vart studert nøye
før dei gjekk på skattejakten... I sandkassa fant vi ein spennande pakke
som var gravd ned.

 
Her har vi akkurat gravd opp pakken, kjekt med gullmyntar!