torsdag 16. august 2012

Velkommen til barnehageåret 2012/2013

VELKOMMEN TIL BARNEHAGEÅRET 
2012-2013

Håper at alle har hatt ein flott sommar, og at de er klare til å ta fatt på eit nytt og spennande barnehageår.
I barnehagen har vi hatt planleggingsdagar for å planlegge året som kjem. Og vi har mange spennande planar for dette året.
Hovudfokuset vårt skal vere "tal, rom og form" og språk. Det er spennande tema som rommar mykje.

Tryggheim barnehage satsar også friskt på friluftsliv.
Barnehagen har fått seg bålhytte på leikeområdet. 
Her skal det bli mykje matlaging og kos, og det er ei god plass å søke tilflukt på dagar når det er surt og kaldt.
Då er det berre å tenne opp bålet for å få litt varme.


 Den eldste gruppa i barnehagen har fått større utebase i løpet av sommaren. Dette skal vere den faste basen til førskulegruppa vår, og ein mellomstasjon for dei før og etter utflukter. 
Framleis er det ein del som ikkje er på plass med møbler og inventar, men litt etter litt blir det heilt ferdig.