onsdag 29. august 2012

Utegruppa Friskus på tur


Barnehagen har eit unikt uteområde med skogen rett utanfor leikeplassen.



Her er det Utegruppa Friskus som er på veg oppover.... 

Det er kjekt å kunne bruke kroppen ute i naturen. Naturen har ubegrensa med moglegheiter.
Barna får utfolde seg på veg oppover i skogen på tur!
Det er viktig med passelege utfordringar for dei største barna. Barna opplever at dei mestrer, og i samspel med dei andre barna er det morosamt å vere på tur for å utforske og utprøve.
 

Kan du sjå kvar eg er? Å klatre i eit furutre gir god trening i motorikken, og ein god følelse i kroppen når ein endeleg er oppe.