mandag 3. september 2012

Potetlefser i barnehagen

Ein dag i barnehagen hadde vi så mykje potetmos igjen etter lunsjmåltidet. Då fann vi på at vi kunne lage potetlefser.
Det er ein gamal norsk mat-tradisjon å lage potetlefser av restane frå middagen. Det er også god ressursbruk og vi lærer at vi ikkje kaster mat,men kan faktisk lage noko kjempegodt av det. Ny læring både for store og små.


Deilig med potetlapper med sirup på. Nam-nam.
Første gangs smak for barna.