tirsdag 4. september 2012

Fine oppstartsveker på Tusenfryd

Tilvenningsveker:-)
Her kjem ei lita oppsummering frå dei første vekene på Tusenfryd:
På småbarnsavdelinga er det viktig å bruke god tid på tilvenning slik at alle barna skal bli trygge med å vere i barnehagen. Nokre barn er trygge etter kort tid, medan andre treng meir tid med å tilpasse seg den nye kvardagen sin.
I år har vi ei stor barngruppe, men er heldige med å ha eit stort personalteam på avdelinga også. Og det skal vi utnytte så godt vi kan til beste for barna. Vi har hatt gruppedelingar kvar dag, slik vi skal komme nærmare kvart einskilt barn, og den erfaringa har vore god, så det kjem vi til å leggje vekt på vidare også!
Vi har alt vore på fleire turar i skogen. Vi tek med små grupper og har gått på jakt etter spennande ting vi kan utforske. Store kongler, små kongler, fine blomstrar som vi lukter på, søledammer, blåbær som vi smaker på, froskejakt med meir. Til og med vart det bygd ei leilighet til den eine lille frosken vi traff på den eine dagen.....
Dei yngste barna har hatt songstunder kvar dag. Og her er dei med altså. Å synge er gøy:-) For dei eldste har vi hatt rim og regler, mykje song - og fleire songstunder på "Lykkelandet" vårt oppe i skogen!
Fleire dagar har vi sett opp lavo der ei lita gruppa har fått ete lunsjen sin. Og berre så det er sagt: "Vi synst det er sååå kjekt å vere i skogen - og vi berre elsker å vere i lavoen!" (hmmmm... kanskje litt påvirkning frå ho Liv...?????) Vi har også tatt med ei lita gruppe i leikehytta vår for å ete lunsj der. Kjempekjekt å vere på "hyttetur".
 På tur til grillhytta vår i skogen....
 Her er vi ved "krokodilledammen..." Hmmm, skal tru om krokodilla er her i dag?????
Her er barna ivrige med å fargelegge alt det fine Gud har skapt på jorda. Vi har akkurat hatt samling der vi har sett på alt det fine som Gud har skapt rundt oss. Når vi har så mykje fint rundt oss, så blir vi menneske glad, og når vi er glad - ja, då blir Gud glad:-)

Eit lite innblikk frå oppstarten vår..... vi gleder oss til fortsettelsen........:-)