fredag 22. februar 2013

" Pannekaka som ikkje ville bli spist"

I februar måned, har Tusenfryd jobba mykje med eventyr. Når vi høyrer eventyr, må vi lytte, telje og hugse rekkeflgje. Dette er bra for barna å øve på. Eventyr er også spennende, og ein blir tatt med til ein magisk og spesiell stad.
Onsdag denne veka hadde blå gruppe om "pannekaka som ikkje ville bli spist".Vi brukte ein raud tråd. Denne følgde vi, og langs tråden var det festa ulike gjenstandar. Desse ga ein peikepinn på kva vi skulle høyre om etterpå. Når vi hadde komen heilt til enden, fant vi ei pannekake. Vi tok med oss alt vi hadde funne, og sette oss i ein ring på golvet.  
Plutseleg trilla pannekaka avgåde, og den trilla kjempe fort. Vi måtte springe etter den. Og langs vegen, møtte den mange ulike dyr, alle ville spise pannekaka, men den trilla vidare.
Barna følgde spent med, og etterkvart var dei med å seie "replikkane" når pannekaka møtte nokon på vegen.





Lurer på om vi finner noko langs denne tråden...








Vi har funnet ett skjørt. Lurer på kva vi skal bruke det til. Vi får ta det med, så kanskje vi finner det ut etterkvart.














Tråden går under bordet, da er det best vi følger etter for å sjå kvar den fører oss henn.


Her møter pannekaka høne pøne på vegen. 


Etter å ha trilla frå både ho mor, en gammel mann, sju skrikerunger, høne pøne og enda fleire, møtte pannekaka grisen på vegen. Dei slo følgje, men etter en stund lurte grisen pannekaka, og spiste den.

Snipp snapp snute, så var eventyret om pannekaka ute :-)