torsdag 2. januar 2014

Studie- og Jubileumstur for personalet til København



På studiebesøk hos Tante Olgas Børnehus. Det var spennande å komme på besøk til ein heilt annan type barnehage enn den vi var vant til. Barnehagen låg i 3. etasje i ein bygård i Vesterbro i København. Aktivitetane som pågjekk var derimot kjente. Vi fekk ein flott presentasjon/forelesning av pedagogikken i barnehagen. Særleg var Mobbekofferten, Kaktus-tavla og organiseringa av dagen svært interessant.
Kaktus-tavla: Det er planlagt 6 aktiviteter som barna kunne velge mellom, og antall barn som kunne delta. Barna kunne så plassere bildet sitt ved aktiviteten, fram til det ikkje var "plass" til fleire. Når dei var ferdige med aktiviteten, skulle dei rydde opp, og velge ny aktivitet. Barna skulle halde fast på denne aktiviteten ei stund minimum 10 minutt i starten, og lenger etterkvart. Sjå meir om barnehagen på http://www.tanteolgas.dk 

Kaktus-tavla i bruk.


Dagskalender
Spennende at barnehagen ligg i 3. etasje, og har loftsvindu. Anna inntrykk og utsikt enn det som er vanleg for oss.
På besøk i Saxogården børnehave - Stor barnehage med relativt stort uteområde. Sjå meir på http://www.saxogaard.dk/



Saxogården hadde mange ulike aktivitetsrom - verksted, stillerom, "bråkerom" (der dei som ikkje ville ha bråk måtte gå ut), discorom, kreativt rom, kjøkkenrom/rolleleik, + + Spennande!!!! Eigen kokk som laga til alle måltid (brødmåltid).
Dukketeater - laga av ei vanleg butikk-kasse! Eit godt tips!

Må ta med bilde av toaletta  på Saxogården - mange toalett på rekke og rad. Barna hadde sjølv fått velge om dei ville ha "båser" til kvart toalett eller om det skulle vere åpent. Dei valde å ha det åpent. Og så hadde dei ringeklokke ved kvart toalett slik barna fekk ringe på når dei var ferdige!
Tivoli julepynta - eit stort høgdepunkt!



 Målet med studie- og jubileumsturen var at personalet skulle få sjå andre barnehagar, få idèar og inspirasjon. Og ikkje minst bli kjend med kvarandre på ein ny måte, gjennom det å vere saman i ein annan setting enn barnehagen. Og på denne måten få ny og felles inspirasjon som kom barna, barnehagen og personalet tilgode! Vi hadde ein flott tur, og vi opplevde i etterkant at alle hadde teke med seg inntrykk (små og store) som dei overførte til vår barnehage!